Ta tempen på medverknad i tenesta di!
Nasjonalt senter for erfaringskompetanse innen psykisk helse har utvikla Medvirkningsbarometeret.

Som ein del av arbeidet med å styrkje brukar- og pårørandemedverknad i dei kommunale psykisk helse- og rustenestene har Nasjonalt senter for erfaringskompetanse innan psykisk helse utvikla Medvirkningsbarometeret.
Barometeret er utvikla for å støtte kommunane i arbeidet med å vurdere og vidareutvikle eigen praksis for brukar- og pårørandemedverknad. Det gir moglegheit til å reflektere over korleis medverknad blir ivareteken på ulike nivå, identifisere forbetringsområde og få eit utgangspunkt for vidare kvalitets- og utviklingsarbeid.
Gjer dei nasjonale råda meir tilgjengeleg
Veronica Lockertsen, leiar ved Nasjonalt senter for erfaringskompetanse
innen psykisk helse, meiner at ei sentral utfordring i implementeringsarbeidet er å gjere dei nasjonale faglege råda operasjonaliserbare for kommunane.
Foto: Nasjonalt senter for erfaringskompetanse innen psykisk helse
– Medvikningsbarometeret er utvikla nettopp med tanke på å bidra til å redusere avstanden mellom tilrådingane i råda og kommunane sitt praktiske arbeid med medverknad. Vi ser derfor barometeret som eit konkret bidrag til implementeringa av Helsedirektoratet sine nasjonale faglege råd for brukar- og pårørandemedverknad, seier ho.
Relevant
Bli-involvert.no
Nettressurs for deg som er tilsett ved kunnskaps- og kompetansesentra om psykisk helse og rus, og skal involvere brukarar i ditt arbeid.