Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

SOS-uka

RVTS inviterer deg til ei gratis veke fylt med innhald om sjølvmordsførebygging!

Publisert 14.09.2026
Sist oppdatert 17.09.2026
En mann som sit på ein bar

SOS-uka står for Snakk om sjølvmordstankar-uka. Dato er 16.-19. november, men du kan sjå det heile i opptak - du må berre hugse å melde deg på.

Du lærer om:

  • Korleis vi kan forstå fenomenet sjølvmord, og korleis arbeid med ambivalens kan redde liv.
  • Kvifor det er så lindrande å bli møtt i det som er mest smertefullt.
  • Korleis vi kan arbeide med sjølvmordsførebygging på arbeidsplassen.
  • Korleis spørje nokon i familien eller på arbeidsplassen om sjølvmordstankar.
  • Korleis gjeld kan vere ein medverkande faktor til sjølvmordstankar eller sjølvmordsplanar.
  • Korleis ein kan sikre gode og ivaretakande overgangar etter utskriving frå sjukehus.

Du blir kjend med Thomas Gullestad, som miste mora si då han var 10 år gammal. I tillegg skal Per Kjerstad og Ole Christoffer Ertvaag frå podkasten Psykodrama dele eigne historier om kva dei trong i ulike kriser gjennom livet. Tidlegare fastlege Eirik Nordmo fortel ærleg om gjeld, rus og sjølvmordstankar.

Meld deg på SOS-uka

En mann som sit på ein bar

SOS-uka kan sjåast når du vil, men hugs å melde deg på!

Sjå når det passar for deg

Passar ikkje tidspunktet? Vi veit at mange som arbeider med menneske har «låste timeplanar». Difor gjer vi innhaldet tilgjengeleg i etterkant, slik at du sjølv kan velje når du vil sjå det. Alt du treng å gjere, er å hugse å melde deg på på førehand.

Vi oppmodar til å bruke SOS-uka på ein smart måte på arbeidsplassen din. Set av ein av dagane til ein felles fagdag, bruk ei økt som innspel i eit fagmøte, som utgangspunkt for refleksjon eller som del av kompetansehevinga. Moglegheitene er mange. Tilpass opplegget etter dine eigne og arbeidsplassen sine behov og ønske.

Målgruppe

Webinaret passar for helsepersonell, kommunalt tilsette, frivillige, deg som arbeider i NAV, barnevernet og innan psykisk helse.

Skriv gjerne ut plakaten om SOS-uka og heng han opp på arbeidsplassen eller i nærmiljøet ditt.

Samarbeid mellom alle RVTS'ane

SOS-uka er eit samarbeid melldom RVTS Nord, RVTS Øst, RVTS Midt, RVTS Vest og RVTS Sør, og er ope for deltakarar frå heile landet.