Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Simple – treningsplattform for førebygging av sjølvmord

Simple* er ein digital treningsplattform for førebygging av sjølvmord, som gjer opplæringa enkel, engasjerande og effektiv gjennom ferdigheitstrening.

Publisert 03.12.2024
Sist oppdatert 11.02.2025
Det same som bilettekst.

Foto: Sylvia Haukanes

Sanne Bach er RVTS Vest sin representant i utviklinga av Simple.

Kort om Simple

* Simple står for Solli Individtilpassa Metodikk for Praksisnær Læring og Ekspertise og er utvikla ved Solli DPS, i samarbeid med mellom anna RVTS-ane og dei sjølvmordsførebyggjande nettverka. Simple er basert på nasjonal retningsline for førebygging av sjølvmord frå 2024, og dekkjer alle kompetansemåla.

 

Målgruppa er helsepersonell som arbeider klinisk i psykisk helsevern for vaksne (PHV), psykisk helsevern for barn og unge (PHBU) og tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB).

I Simple lærer helsepersonell førebygging av sjølvmord gjennom å løyse problemstillingar dei kan møte i klinikken.

Fleire får trent seg

RVTS Vest er ein av fleire aktørar som har bidrege i Simple, som er utvikla ved Solli DPS. Det er Sanne Bach som er RVTS Vest sin representant i arbeidet. Ho trur det særleg er tre ting som gjer Simple til eit godt verktøy.

– For det første er det ressurskrevjande å sende alle medarbeidarar på kurs, så ei digital opplæring er ein måte å nå endå fleire i heleforetaka, seier Sanne. – Det er meir overkommeleg enn å sende folk på kurs i to heile dagar.

– Det andre er at ein lærer på ein annan måte når man må vere aktiv og svare på oppgåver, seier ho. – Ein må stoppe opp og reflektere. Simple krev aktiv deltaking – og det lærer man meir av i det lange løp. Det er lagt opp til arbeid og drøfting i team. Ikkje passive forelesningar men refleksjon, drøfting og ferdigheitstrening.

–  For det tredje vil det vere ei kvalitetssikring i form av følgeforsking. Det vert difor gjort endringar undervegs, dersom det trengs, fortel Sanne.

Retningslina for førebygging av sjølvmord

Simple er basert på retningslina for førebygging av sjølvmord i psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) frå 2024. Den stiller store krav til opplæring av helsepersonell.

Hovudbodskapen i retningslina er at det å utforske sjølvmordstankar er ein del av ei heilskapleg og individuelt tilpassa utgreiing, behandling og oppfølging.

– Vi kan ikkje predikere sjølvmord, men vi kan førebygge, seier Sanne. – Ved å jobbe med refleksjon kring caser, kan ein trene på å komme i posisjon til å ha god dialog og til å gjere forebyggande tiltak.