Vi bruker informasjonskapslar
Vi bruker informasjonskapslar for at nettsidene våre skal fungere.
Les meir om informasjonskapslane våre
Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo rvts vest

Septemberkonferansen 2025: Traumer og identitet

Korleis kan vi forstå samanhengen mellom traumer og identitet?

Publisert 18.03.2025
Sist oppdatert 22.04.2025
Sigfridsson og Randi Mossefinn.

Foto: Sylvia Haukanes

Inger Sigfridsson, Randi Mossefinn og Elisabeth Harnes leiar årets konferansekomité. Elisabeth var ikkje til stades då biletet vart teke.

Korleis påverkar traumer vår identitetsoppleving og sjølvforståing? Kva konsekvensar har traumatiske erfaringar for korleis vi relaterer oss til andre og navigerer i verda? Og korleis kan vi som samfunn og fagpersonar betre forstå og støtte menneske som har vore utsett for traumatiserande hendingar?

– Desse spørsmåla skal Septemberkonferansen 2025 bidra til å finne svar på, seier Randi Mossefin, Elisabeth Harnes og Inger Sigfridsson, som er fagleg ansvarlege for konferansen.

Septemberkonferansen går av stabelen i Bergen den 4. - 5. september 2025.

Elisabeth Harnes.

Foto: Cristo Borrachero

Elisabeth Harnes.

Kvifor søkelys på traumer og identitet?

– Traumer kan både vere individuelle og kollektive og påverkar ikkje berre våre emosjonar, men også vår sjølvforståing, relasjonar til andre og korleis vi oppfattar verda, seier Elisabeth.

– Dei som har opplevd traumatiske hendingar kan føle at dei har vanskar med å finne ein samanhengande identitet, fortel Inger. – Iblant kan dei føle at dei har fleire «versjonar» av seg sjølv. Langvarig traumatisering kan føre til at ein byggjer sin identitet rundt overlevingsstrategiar, som å vere usynleg, tilpassingsdyktig eller i konstant beredskap.

– Samstundes kan bearbeiding av traumer også gi rom for posttraumatisk vekst, der individ finn ny meining, styrke og retning i livet, fortel Randi. – Konferansen vil belyse begge sider av dette spekteret – både utfordringane og moglegheitene knytt til identitetsutvikling etter traumer.

Førelesarar og bidragsytarar

– Konferansen vil samle ei rekkje anerkjende fagpersonar med ekspertise innan traumer, identitet og behandling. Programmet vil omfatte både forskingsbaserte føredrag og praksisnære perspektiv. I tillegg vil brukarstemmer bidra med innsikt frå eigne erfaringar, for å sikre ei heilskapleg forståing av tematikken.

Målgruppe

Septemberkonferansen rettar seg breitt mot fagpersonar og praktikarar som i sitt arbeid møter barn, unge eller vaksne med traumatiske erfaringar.

– Vi ønskjer velkomen til ein fagleg sterk og engasjerande konferanse med mål om å auke forståinga av samanhengen mellom traumer og identitet – og korleis vi best kan støtte menneske på deira veg mot heling og vekst, avsluttar Inger, Elisabeth og Randi.