Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Samlar og styrker kompetansemiljøa

RVTS og KORUS er blant fleire kompetansesenter som står framfor ei større omorganisering, der vi skal inn under Helsedirektoratet.

Publisert 21.04.2026
Eit nærbilete av hender som held knokane mot kvarandre

Foto: Pavel Danilyuk

Når fagmiljøa blir samla i éin struktur, blir tilbodet tydelegare og meir koordinert. Det gir mindre overlapp, betre samhandling på tvers og eit meir forutsigbart system å navigere i.

Målet er å samle kompetansen og gjere han meir tilgjengeleg for kommunar og tenester over heile landet.

Omstillinga skal i første omgang gjere det lettare å finne kunnskapen frå kompetansesentera, og enklare å ta han i bruk for kommunar, tenester og andre samarbeidspartnarar. 

Nina Aulie

Foto: Helsedirektoratet / Thomas Koonce

Føremålet med omstillinga er å kunne gi ei meir samla, heilskapleg og koordinert støtte til kommunane.
Nina Aulie, divisjonsdirektør i Helsedirektoratet

– Føremålet med omstillinga er å kunne gi ei meir samla, heilskapleg og koordinert støtte til kommunane, seier divisjonsdirektør Nina Aulie i Helsedirektoratet.

Ho fortel at målet er mindre overlapp, likare organisering og meir likeverdige tenester. Dette gjeld særleg innan område som kvalitetsforbetring og tenesteutvikling, formidling og rådgiving, og vidareføring av oppgåver retta mot spesialisthelsetenesta og andre sektorar. 

– Vi er spente på moglegheitene som følgjer med verksemdsoverdraginga. Det siste året har RVTSane jobba for å framstå endå meir samla på tvers av regionane. Samhaldet blir ytterlegare styrkt no som vi blir samla under Helsedirektoratet, noko som vil kome tenestene – og dermed også befolkninga – til gode, seier senterleiar ved RVTS Nord, Christy Benedict Bakke. 

Christy Bakke

Foto: RVTS Nord

Vi er spente på moglegheitene som følgjer med verksemdsoverdraginga.
Christy Bakke, senterleiar RVTS Nord

Ny nasjonal eining i Helsedirektoratet 

Omstillinga blir leidd av Helsedirektoratet (Hdir) på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet (HOD), og skjer i to trinn. 

I første omgang blir det etablert ei felles nasjonal eining under Helsedirektoratet. Her blir åtte kompetansesenter samla, som i dag er organiserte under helseføretak: 

  • KORUS Nord, Midt, Øst, Stavanger og Bergen
  • RVTS Nord, Vest og Midt

Frå 1. januar 2027 skal desse tre RVTSane og fem KORUSane vere innlemma i den nye eininga i Helsedirektoratet. Dette markerer starten på ein meir koordinert nasjonal struktur for arbeidet innan rus, psykisk helse, vald, traume og sjølvmordsførebygging. 

Frå januar 2028 er det føreslått at KORUS Oslo og KORUS Sør, samt RVTS Øst og RVTS Sør, skal gå inn i den same eininga. Når begge trinna er gjennomførte, vil alle KORUSane og RVTSane vere samla i éin felles organisasjon under Helsedirektoratet. 

Den nye eininga skal gradvis organisatorisk knytast til fleire senter som jobbar med psykisk helse, rus og vald, senter som jobbar med barn og unge, oppvekst, omsorgstenester m.m. 

– Når vi samlar oss i ein nasjonal struktur, blir det lettare å jobbe meir heilskapleg og treffsikkert. Det styrker både samarbeidet mellom fagmiljøa og støtta til tenester i kommunar og spesialisthelsetenesta. For oss gir det òg betre føresetnader for tydeleg styring av både mål og ressursar, seier Erik Wammer, senterleiar ved RVTS Midt. 

Erik Wammer

Foto: RVTS Midt

Når vi samlar oss i ein nasjonal struktur, blir det lettare å jobbe meir heilskapleg og treffsikkert.
Erik Wammer, senterleiar RVTS Midt

Målet: Enklare og meir heilskapleg støtte til kommunane 

Når omstillinga har tredd i kraft, er målet at kommunar over heile landet skal møte eit likt og attkjenneleg tilbod – uavhengig av region. Samstundes vil tenestene vere tilpassa dei utfordringane og behova som finst lokalt. Slik kan både RVTS og KORUS bidra endå meir målretta inn i kommunane sitt arbeid med psykisk helse, rusførebygging, vald, traume og sjølvmordsførebygging. 

– Dei tilsette ved sentera gjer eit viktig arbeid og sit på verdifull kompetanse som kommunane har behov for. Det ønskjer vi å vidareføre og styrkje i framtida, seier Nina Aulie i Helsedirektoratet. 

– Dette er ei etterlengta samanslåing, som både kan støtte eit meir heilskapleg tilbod nasjonalt og forenkle samordninga regionalt, seier Espen Johansson, leiar ved RVTS Vest. 

Espen Johansson
Espen R. Johansson, senterleiar RVTS Vest
Dette er ei etterlengta samanslåing, som både kan støtte eit meir heilskapleg tilbod nasjonalt og forenkle samordninga regionalt.
Espen Johansson, senterleiar RVTS Vest