Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Samla nasjonalt – nær tenestene regionalt

Statsbudsjettet 2027: RVTS blir del av ei ny nasjonal verksemd under Helsedirektoratet, med hovudkontor i Haugesund.

Publisert 08.10.2026
Sist oppdatert 09.10.2026
Haugesund

Foto: Rob Barber, Unsplash

Hovudkontoret for den nye nasjonale verksemda skal ligge i Haugesund. 

Verksemda skal samle fleire av dei regionale kompetansesentra som støttar kommunane med kunnskap, implementering og tenesteutvikling.

Frå 1. januar 2027 skal RVTS Nord, RVTS Midt og RVTS Vest bli del av den nye verksemda, saman med KORUS-sentra i midt, øst, nord, Bergen og Stavanger. RVTS Øst, RVTS Sør og dei andre KORUS-sentra blir med frå 2028.

Målet med den nye organiseringa er å gi kommunane meir samordna, heilskapleg og koordinert fagleg støtte. Regjeringa peikar på at dagens system er prega av ulik organisering og fleire eigarar, noko som kan gjere det vanskelegare å samordne innsatsen på tvers av fagområde og sektorar. 

Framleis nær kommunane og tenestene 

For kommunar, samarbeidspartnarar og deltakarar i RVTS sine aktivitetar er den viktigaste beskjeden at dei regionale kompetansemiljøa skal bestå. 

I statsbudsjettet blir det understreka at sentra skal behalde ein desentralisert struktur med kompetansemiljø nær tenestene. RVTS skal derfor framleis vere til stades i sine regionar og halde fram med å støtte kommunar, tenester og fagmiljø innan vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging. 

Den regionale nærleiken til kommunane er ein viktig del av samfunnsoppdraget vårt. Målet med den nye organiseringa er ikkje å flytte kompetansen bort frå tenestene, men å styrkje samarbeidet og koordineringa mellom kompetansesentra. 

 

Målet med den nye organiseringa er ikkje å flytte kompetansen bort frå tenestene, men å styrkje samarbeidet og koordineringa mellom kompetansesentra.

Eit meir koordinert system 

Den nye verksemda skal bidra til at kommunane får enklare tilgang til kunnskap, kompetanse og rettleiing på tvers av fagområde. 

Ved å samle fleire kompetansesenter i éi verksemd ønskjer regjeringa å leggje til rette for at det blir mindre overlapp, likare organisering og meir likeverdige tenester. 

For RVTS betyr dette at vi skal samarbeide endå tettare med andre kompetansemiljø til beste for kommunane og tenestene.

Fleire sentre blir med frå 2028

Regjeringa foreslår òg ein fase 2 frå 1. januar 2028. Då er planen at RVTS Øst og RVTS Sør skal innlemmast i den nye verksemda, saman med KORUS Oslo, KORUS sør, RBUP Øst og Sør, Vivat, Nasjonalt senter for erfaringskompetanse innan psykisk helse og Nasjonalt kompetansesenter for kultur, helse og omsorg. 

Når denne fasen er gjennomført, er heile RVTS og KORUS samla innanfor same nasjonale organisasjon. 

Organisert under Helsedirektoratet 

Den nye verksemda skal organiserast etter modell av Helfo og få eiga leiing med direktør, eige rekneskap og eiga årsrapportering. Hovudkontoret skal lokaliserast til Haugesund. 

Samtidig skal kompetansen framleis vere der tenestene er. RVTS skal halde fram med å vere nære og relevante samarbeidspartnarar for kommunar og fagmiljø over heile landet.