Vi bruker informasjonskapslar
Vi bruker informasjonskapslar for at nettsidene våre skal fungere.
Les meir om informasjonskapslane våre
Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo rvts vest

RVTS Vest lanserer ny kompetansepakke til barnehage og skule

Trygge vaksne med traumekompetanse er namnet på kompetansepakken.

Publisert 22.05.2025
Beate Gauden og Julie Andreassen
På bilde: Beate Gauden og Julie Andreassen på oppstartssamling i Vindafjord kommune.

Kvifor treng vaksne i skule og barnehage kompetanse om traume?

- Det vert rapportert om ei auke i barn som slår, truar og lagar uro i skulen, fortel Beate Gauden frå RVTS Vest.

Beate er initiativtakar til utviklinga av kompetansepakken, saman med kollega Julie Andreassen.

- Skulefråvær hos elevane aukar og sjukefråvær hos tilsette er stort, seier ho. - Det er nok mange ulike årsaker til dette. Vårt perspektiv er at er ikkje noko feil med borna. Det ligg alltid noko bak sterke reaksjonar. Barn og unge er ikke onde, men dei kan ha det vanskelig. Og truleg er det det vi ser, når urolege elevar har sterke uttrykk og reaksjonar.

- Mange tilsette i barnehage og skule kjenner seg ikkje trygge nok i møte med barn som bannar, skrik, truar eller slår, seier Julie Andreassen. - Med kunnskap om barn og kva som aktiverer barn, ligg løysinga ofte i korleis dei vert møtt. Mange barn lever med livsbelastningar og traume, noko som kan komme til utrykk i klasserommet eller på leikeplassen i barnehagen.

En person som sitter foran en datamaskin
Foto: Korleis møter vi barn som skapar uro i klasserommet? Skjermbilete frå film om øving på regulering.

Tryggleik og felles forståelse

-  Vi treng ei felles forståelsesramme å støtte oss på når kvardagen blir krevande, seier Beate. - Du treng ei teoretisk ramme du trur på i det daglege arbeidet – ei som gir meining til praksisen, og som kan støtte deg når du blir usikker. Alle tilsette i skule og barnehage fortener å stå trygt i møte med det dei opplever truande og vanskeleg. Kjerna i kompetansepakkane er at vi treng å forstå kva som ligg bak barn sine ord og handlingar. Vi treng kompetanse om kva som reduserer stress og korleis vi vaksne kan regulere oss sjølv, for å hjelpe barnet med eiga regulering, fortel Beate. 

-Gjennom felles refleksjon står dei tilsette godt rusta i møte med barn som treng å bli tolt og møtt med forståelse, seier Julie.

Innhald i kompetansepakken

Innhaldet i kompetansepakken er tilpassa barnehage og skule. Den gjer viktig forsking lett tilgjengeleg for alle tilsette og tek på alvor at alle lærer betre med prøving og øving,  i tillegg til fagleg påfyll. 

Tema

Kompetansepakken inneheld fem modular med følgande tema.

  • Utviklingstraumer og barnesyn
  • Mentalisering, triggere og stressreduksjon
  • Reguleringsstøtte når det skjer
  • Den terapeutiske leiken/aktiviteten med styrkefokus
  • Regulerande arbeidsmiljø og kritisk refleksjon

I kvar modul er det fagfilmar, refleksjonsoppgåver i lærande fellesskap, øvingar og eksempel.

To skuleansatte diskuterer
Foto: Skjermbilete frå film kor lærar er frustrert, og deler dette med sin leiar.

Pilotert i Sandnes kommune

Trygge vaksne med traumekompetanse er prøvd ut i Sandnes kommune med 3800 tilsette i barnehage, skule og støttetenester.

Tilbakemeldingar frå Sandnes er blant anna at dei tilsette har blitt tryggare i møte med barn og unge som har ulike utfordringar. I tillegg vert det løfta fram at kompetansepakkane har vore eit felles løft, både når det gjeld å ha eit felles språk og når det gjeld å kjenne seg tryggare.

 

Vi har fått et felles språk. Det hjelper oss på veien til å bli mer inkluderende for alle barn i barnehagene og skolene våre.  Vi har fått bedre forståelse for å møte barn med ulike utfordringer.
Deltakar i Sandens kommune si skuleleiing

 

Mange kommunar er i gang

- Det har vore stor interesse for kompetansepakkane etter at vi hadde ei før-lansering før nyttår, seier Beate.

- Vi får det travelt framover, seier Julie og Beate. - Men det er ei god travelheit. Dette er så viktig, og vi gler oss til å møte og inspirere alle dei viktige vaksne rundt barn og unge. Vi veit det ligg så mange muligheiter i trygge vaksne.

 

Kommunar som er med:

Har gjennomført/er i gang:

  • Sandnes kommune 2023-2025
  • Fjaler kommune
  • Haukedalen skule
  • Alle SFO Laksevåg bydel
  • Miljøterapeuter i Bergen kommune
     

Frå hausten 2025:

  • Vindafjord kommune
  • Modalen barnehage og skule
  • Stryn kommune
  • Lillesund skole, Haugesund
  • Nore Neset skule
  • Sauda barnehage og skular
  • Alver kommune – barnehage
  • Eigersund kommune/oppvekst

Er du interessert?

Les meir om Trygge vaksne med traumekompetanse og meld interesse dersom din arbeidsplass ønsker å gjennomføre kompetansepakken på arbeidsplassen/i kommunen. Her kan du også sjå smakebitar frå filmane i kompetansepakken.

Kompetansepakken passar også godt for alle andre som jobbar med barn, oppvekstfeltet sine støttetenester som PPT, barnevern, helsesjukepleiar, avlastning, barnekoordinatorar, kulturskule, kommunepsykolog, familiehjelp med meir. Det vil sei dei som utgjer "laget rundt barnet". 

 

Dette er det beste vi har fått utenfra på mine 25 år som rektor.
Rektor, Hommersåk skole

 

Relevant