Planlegg kommunen din kompetanseheving for oppvekst i 2027?
Sjekk RVTS Vest sin nyaste kompetansepakke tilpassa barnehage og skule.

- Kompetansepakken heiter Trygge vaksne med traumekompetanse, og har fokus på å gjere dei tilsette tryggare i møte med barn som er urolege, ukonsentrerte, slår, bannar eller som ikkje klarar å vere på skulen.
Det seier Beate Gauden. Ho er spesialpedagog og rådgjevar ved RVTS Vest, samt prosjektleiar for kompetansepakken.
- Det ligg alltid noko bak som kan gjere at barnet sine reaksjonar faktisk er forståelege, for eksempel om dei har opplevd eller lever med livsbelastningar eller traumer.
Les óg: RVTS Vest lanserer ny kompetansepakke til barnehage og skule.

Foto: RVTS Vest
Tilpassa skule og barnehage
Trygge vaksne med traumekompetanse er tilpassa møtetid på 90 minutt og inneheld stor grad av refleksjon, øving og drøftingar i personalgrupper.
Ein heil kommune kan bestille kompetansepakken, men også ein eller fleire barnehagar/skular.
- RVTS Vest kjem gjerne til din kommune/barnehage/skule og har to timar «Kick-off» som oppstart før dykkar gjennomføring av dei fem modulane, seier Beate.
Gode evalueringar
No er det over 30 kommunar og tenester som anten er ferdig, i gang eller under planlegging.
Dette er det beste opplegget vi har fått utenfra på mine 25 år som rektor.
Kick-off og kompetansepakken har gitt oss et felles språk og en felles forståelse for hva barna trenger.

Kontakt
Du er velkomen til å ta kontakt med prosjektleiar Beate Gauden for meir informasjon.
