Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ny forsking: Undervisningsprogrammet «Jeg vet» gir målbar effekt

Ein ny forskingsrapport viser at det digitale undervisningsprogrammet «Jeg vet» styrker barn si kunnskap om vald og overgrep – og gjer lærarar tryggare i møte med bekymring for elevar.

Publisert 04.06.2026
Linda Kvalvik med Jeg Vet-nettside
5000 elevar og 280 lærarar frå norske barneskular har testa «Jeg vet», og forskarane er klare: «Jeg vet» har dokumentert effekt!

– Barn og unge treng kunnskap om vald, overgrep og mobbing! Derfor er det avgjerande at barnehagar og skular er trygge på å undervise om desse tema. Det seier Linda Kvalvik, områdeleiar barn og unge ved RVTS.  

– No veit vi at undevisningsprogrammet «Jeg vet» bidreg til å trygge dei vaksne og auke kunnskapen hos barn og unge! Programmet er gratis og klart til å ta i bruk, og vi i RVTSane står klare til å hjelpe deg. 

– 5000 elevar og 280 lærarar frå norske barneskular har testa «Jeg vet», og forskarane er klare: «Jeg vet» har dokumentert effekt! seier Linda.

Linda Kvalvik

Foto: RVTS Vest

Linda Kvalvik og den nasjonale arbeidsgruppa i RVTS er glade for at Jeg Vet gir effekt.

Auka kunnskap - særleg hos dei yngste 

Elevane som har brukt «Jeg vet» får betre kunnskap om tema som vald i heimen, seksuelle overgrep og kva dei kan gjere dersom noko skjer. Effekten er tydelegast hos dei yngste elevane på 2.–4. trinn.  

Linda er glad for at det særleg er ei merkbar auke i kunnskap om vald i heimen, der elevane og får betre forståing av kva dei skal gjere dersom dei treng hjelp.  

– Dette viser at å snakke om desse tema i klasserommet nyttar! Vi veit jo at barn og unge vil snakke med lærarane sine om det som kan vere vanskeleg. Gjennom å bruke «Jeg vet» tar lærarane ansvar for å setje tema på dagsorden og gjere seg tilgjengeleg for elevane. Det er vi vaksne som har ansvar for å fortelje elevane at det er trygt å snakke med oss – også om vald, overgrep og mobbing. 

Kan bidra til at fleire søkjer hjelp 

Sjølv om kunnskapen om barnevernet ikkje aukar signifikant, viser studien ein annan viktig effekt: færre elevar er redde for barnevernet etter å ha brukt «Jeg vet». 

Linda meiner at dette kan vere avgjerande for at barn vågar å søkje hjelp – og å fortelje om vanskelege opplevingar. 

En person og barn maler
Det er vi vaksne som har ansvar for å fortelje elevane at det er trygt å snakke med oss!

Gjer lærarar tryggare 

Effekten gjeld ikkje berre elevane.  

- Lærarar som brukar «Jeg vet», opplever auka motivasjon og større tryggleik i undervisning om vald og overgrep, fortel Linda.

Samtidig rapporterer dei færre bekymringar for elevar i klassen. Når det først oppstår bekymring, er det òg meir sannsynleg at lærarane melder frå vidare, særleg på småtrinnet. Dette peikar mot ei viktig styrking av skulen si rolle i å oppdage og følgje opp utsette barn. 

Viktig i eit folkehelseperspektiv 

Effektane i studien er moderate på individnivå, men forskarane understrekar at dei likevel er svært viktige i eit folkehelseperspektiv. 

– «Jeg vet» er eit universelt tiltak som når heile elevgrupper. Når mange barn får litt betre kunnskap om grenser, rettar og kvar dei kan få hjelp, kan det bidra til å senke terskelen for å seie frå og styrke barns tryggleik i kvardagen. 

RVTS si rolle 

RVTS har i oppdrag å spre informasjon om og rettleie i bruken av «Jeg vet». Vi arrangerer jamnlege webinar om «Jeg vet» og «Snakke med barn». 

Linda oppmodar til å ta kontakt med RVTS dersom du ønskjer meir informasjon og støtte til å ta programmet i bruk. 

– I RVTS har vi eit godt samarbeid om «Jeg vet» og set pris på alle henvendingar! seier Linda. 

I region vest er «Jeg vet» aktivt i bruk i fleire kommunar, og enkelte stader implementert som del av ei større satsing. Les om korleis Kvinnherad og Ullensvang nyttar «Jeg vet» i alle skular og barnehagar gjennom si satsing «E de greitt?» 

Kjelde: 

Effekter av et digitalt læringsverktøy på elevers kunnskap om vold, overgrep og barnevernet

Spørsmål?

Linda Kvalvik

Linda Renate Kvalvik

Områdeleiar / Barn og unge

lrkv@helse-bergen.no 98688394