Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Nettverk er nyttig!

I fire år har Nettverk for førebygging av vald og overgrep mot barn og unge i Vestland samla nøkkelpersonar i meir enn 30 kommunar for å inspirere, dele og lære av kvarandre.  

Publisert 10.04.2026
Sist oppdatert 14.04.2026
Namnelappar som viser kommunane som er med i nettverket

Foto: Linda Kvalvik

Over 30 kommunar er med i Nettverk for førebygging av vald og overgrep mot barn og unge i Vestland.

- Det førebyggande arbeidet i kommunane er omfattande og krevande, men ikkje minst viktig og givande, seier Linda Kvalvik frå RVTS Vest. Ho er ei av dei som koordinerer nettverket. -  Å høyre om andre kommunar sine erfaringar og saman drøfte korleis jobbe til det beste for born, unge og familiane deira er ein god ting. 

Linda Kvalvik

Foto: RVTS Vest

Linda Kvalvik frå RVTS Vest er ei av dei som koordinerer nettverket.

Lik opplæring om vald og overgrep 

Nyleg hadde nettverket fysisk samling på Flesland i Bergen. Fleire av kommunane var på scena og delte erfaringar og ulike tiltak i arbeidet med å førebygge vald og overgrep i sin kommune. 

Kvinnherad og Ullensvang har utvikla eit systematisk opplegg for opplæring av alle barn og unge, med mål om å gi dei språk og kunnskap til å forstå kva som er greitt og ikkje greitt. Opplæringa heiter “E det greitt?”, og skal sikre at alle barn og unge får lik opplæring. Det fortel Isabella Helland frå Ullensvang kommune og Vigdis Anne Dyrkolbotn frå Kvinnherad kommune. 

Kvar skule og barnehage har eit eige «Barnas verneombod» som held fokus på barns rettar og at undervisninga vert gjennomført. Opplæringa tek i bruk ressursen Jegvet.no på alle trinn, med alderstilpassa innhald og god rettleiing for tilsette. Erfaringane viser at dette arbeidet kan bidra til at barn fortel om vald og overgrep, noko som understrekar verdien av trygge vaksne og systematisk innsats. 

Arbeidet har gått frå prosjekt til varig drift, og er støtta av ei tverrfagleg ressursgruppe som bidreg med rettleiing, fagdagar og oppfølging for å sikre kvalitet og kontinuitet. Kommunane jobbar no med å vidareutvikle og dele erfaringane sine med andre, blant anna gjennom filmar og materiell som kan takast i bruk av fleire. Dette er no tilgjengeleg i Gullprosjektet. Målet er å gjere det enklare for andre kommunar å etablere liknande system og styrke arbeidet med å gi barn og unge kunnskap, tryggleik og moglegheit til å seie ifrå.  

Forankrar deltaking i nettverket 

Jill Bru Johansen er konstituert kommunalsjef for Oppvekst og kultur i Vaksdal kommune. Ho fortel at Oppvekstreformen vart ein viktig drivkraft for å samle innsatsen i arbeidet med førebygging av vald og overgrep. Gjennom deltaking i samlingar med Statsforvaltaren og kompetansemiljø såg kommunen behovet for å gå frå uformelle samarbeid til tydelegare struktur og forankring. 

Eit viktig grep har vore å lage mandat for sine faste medlemmer av Nettverk for førebygging av vald og overgrep mot barn og unge. Erfaringa frå Vaksdal viser at tydeleg organisering og ansvar er avgjerande for å sikre framdrift og kvalitet i arbeidet. Dette kan vere eit nyttig utgangspunkt for andre kommunar som ønskjer å styrke si forankring og vidareutvikle det førebyggjande arbeidet.

 

Nettverket har vore viktig for å halde retning og samle aktørane, også når arbeidet møter motstand eller tek uventa vendingar.
Linda Meier, einingsleiar helse i Hyllestad kommune

 

Rom for å dele både velukka og mindre vellukka tiltak 

Linda Meier er einingsleiar helse i Hyllestad kommune. Ho fortel at kommunen har hatt ei «implementeringsreise». 

Erfaringane frå Hyllestad kommune viser at sjølv i små kommunar, der samarbeidslinjene er korte, kan implementering av tiltak bli meir krevjande enn planlagt. Arbeidet utviklar seg ofte frå ein tydeleg plan til ei meir uforutsigbar «implementeringsreise», der nye utfordringar dukkar opp undervegs. Nettverket har vore viktig for å halde retning og samle aktørane, også når arbeidet møter motstand eller tek uventa vendingar. 

Eit sentralt poeng er at utfordringar og det som ikkje fungerer, er verdifulle erfaringar å ta med vidare. Det tek ofte lang tid før kunnskap vert omsett til praksis, og mykje arbeid vert aldri synleggjort. Ved å dele både vellukka og mindre vellukka tiltak i nettverket, kan kommunar lære av kvarandre, unngå å gjenta det som ikkje gir effekt, og styrke kvaliteten i det vidare arbeidet. 

 

Foreldre spelar ei nøkkelrolle i førebygging av vald og overgrep, og arbeidet må difor ha særleg fokus på å støtte og inkludere dei.
Beate Gauden

 

Tryggleik og inkludering 

Beate Gauden, rådgjevar og spesialpedagog ved RVTS Vest, hadde førelesning om korleis møte menneske med flukt- og migrasjonsbakgrunn. Ho fotel at tryggleik og inkludering er avgjerande.

Erfaringar viser at tenester må tilpasse seg menneska dei møter, og bidra til at alle opplever å høyre til i fellesskapet. Foreldre spelar ei nøkkelrolle i førebygging av vald og overgrep, og arbeidet må difor ha særleg fokus på å støtte og inkludere dei. Å skape moglegheiter for deltaking, meistring og tilhøyrsle er grunnleggjande for både foreldre og barn. 

Beate poengterer at førebygging ofte startar med inkludering, og at utanforskap kan vere ein risikofaktor. For kommunar handlar dette om å utvikle kultursensitive tenester som tek utgangspunkt i felles menneskelege behov, og som møter innbyggjarar på ein måte som skapar tryggleik og tillit. Ved å ha merksemd på kva vi har felles, og korleis vi får andre til å kjenne seg sett og forstått, kan ein styrke både relasjonar og førebyggjande arbeid. 

Vil din kommune bli med i nettverket?

Neste samling er 6. mai, og foregår digitalt. Kontakt Linda Kvalvik eller meld deg på nettverkssamlingen.

Linda Kvalvik

Linda Renate Kvalvik

Områdeleiar / Barn og unge

lrkv@helse-bergen.no 98688394

Relevant

Å ha eit nettverk og kvarandre er viktig!