Når traumet sit i både kropp og sjel
To gratis webinar om behandling av torturoverlevarar og ivaretaking av hjelparen – 9. september og 18. november.

Webinarserie om tortur
RVTS'ane arrangerer i 2026 ein webnarserie om tortur. Dei to siste er i september og i november.
Neste tema:
Webinar 3: Når historia gjer vondt: Kombinerte tilnærmingar til kroppslige og psykologiske traume – Erfaringar frå kombinert behandling med narrativ eksponeringsterapi og fysioterapi for torturoverlevarar (9. september)
Webinar 4: Korleis påverkar historiene vi høyrer oss? (18. november)
Tidlegare tema:
Webinar 1: Tortur – kva er det, og kva må du vite?
Webinar 2: UDI sitt arbeid med torturutsette
Tortur er som regel langvarig, gjenteken og påført med vilje. Skadane viser seg ikkje berre som psykiske symptom; påtrengande minne, mareritt og auka aktivering – men òg i kroppen, som kroniske smerter, muskelspenningar, pustevanskar og svekt kroppsbevissthet. Smerte og posttraumatisk stress heng ofte tett saman og kan halde kvarandre ved like over lang tid.
Difor anbefaler leiande fagmiljø som IRCT (International Rehabilitation Council for Torture Victims) og DIGNITY (Danish Institute Against Torture) ei heilskapleg rehabilitering, der lege, psykolog, fysioterapeut og sosialfaglege tenester arbeider saman, med felles mål for pasienten.
Behandling av heile mennesket
Narrativ eksponeringsterapi (NET) er ein av dei best dokumenterte metodane for flyktningar og torturoverlevande. I terapien bygger pasienten saman med terapeuten ei samanhengande fortelling om heile livet sitt. Traumatiske minne får ein plass i tid og stad, og blir ein del av ei heilskapleg livshistorie – i staden for fragment som stadig bryt inn i notida.
Samtidig veit vi at kroppen hugsar. Mange torturoverlevarar slit framleis med smerter og høgt symptomtrykk etter at den psykologiske behandlinga er avslutta. Det er bakgrunnen for å prøve ut ein breiare modell, der NET blir kombinert med fysioterapi – mellom anna progressiv muskelavslapping. Når psykologisk og kroppsleg behandling speler saman, er målet at heilskapen skal bli større enn summen av delane.
Den 9. september deler psykologspesialist Håkon Inge Stenmark frå RVTS Midt erfaringar frå klinisk arbeid med nettopp denne kombinerte tilnærminga. Les meir og meld deg på →
Å ta vare på hjelparen
Å arbeide med torturoverlevarar kan vere djupt meiningsfullt , men òg krevande. Møtet med sterke livshistorier, smerte og urett gjer noko med oss som fagpersonar, både kjenslemessig og kroppsleg. Over tid kan det gje risiko for sekundærtraumatisering og utmatting, dersom vi ikkje tek vare på oss sjølve og kvarandre.
Internasjonale fagmiljø er tydelege på at ivaretaking av personalet ikkje berre er den enkelte sitt ansvar – det er ein føresetnad for forsvarleg og berekraftig behandling.
Den 18. november rettar vi merksemda mot hjelp til hjelparen. Korleis kan vi forstå eigne reaksjonar, styrke eiga toleeevne og utvikle gode strategiar for å stå i arbeidet over tid? Webinaret vert leia av Valeria Markova, PhD og psykologspesialist ved RVTS Vest. Les meir og meld deg på →
For alle som arbeider med traumatiske erfaringar
Begge arrangementa har overføringsverdi langt utover arbeid med torturoverlevarar. NET er relevant for alle som møter menneske med samansette og gjentekne traumer – uavhengig av om årsaka er tortur, vald, overgrep eller andre belastande hendingar. Og spørsmålet om korleis vi tek vare på oss sjølve i krevande arbeid, gjeld alle som over tid arbeider med andre sine traumatiske erfaringar.
Spørsmål?
