Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Ein mann som smiler til kameraet

Kvar dag får du til noko bra på jobb

Tenk deg at du er sliten på jobb. Det er mykje å gjere. Du kjenner at du er trøytt heile tida.

Tekst: Geir Olsen
Publisert 20.08.2025
Sist oppdatert 01.07.2026

Det er høgt sjukefråvær, og det er vanskeleg å få tak i folk som kan stille på jobb. Så tek leiaren tak i situasjonen og seier kanskje: «No må vi snakke om korleis vi har det». Så sit de saman, kanskje de er åtte stykk, på slutten av arbeidsdagen.

Leiaren opnar møtet med å be alle om å seie noko om korleis dei har det. Ein etter ein deler korleis dei kjenner seg slitne. Leiaren oppsummerer kor sliten alle er, og så er møtet over.

Gratulerer! De har truleg nettopp klart å gjere kvarandre endå meir slitne enn før møtet.

Kva er det vi ikkje får til?

Eksempelet over var kanskje satt litt på spissen. Men vi veit at når ordet er fritt i ei sliten forsamling, så kjem vi først i kontakt med to ting:

Det eine er alt vi ikkje rakk å gjere ferdig, og det andre er det vi ikkje fekk til. Dersom alle deler dette, kan vi gå frå å vere slitne til å bli heilt utslitne. Det vanlege er å leite etter problem, undersøke, finne feil som kan reduserast, og ha fokus på å unngå å gjere feil.

Ei gruppe menneske som sit i eit rom

Hugs at du gjer noko bra kvar dag

Den beste måten å motverke utmatting på, er å bli minna på alt det gode vi faktisk får til.

Kva er det vi får til?

Vi treng ein stad der vi kan ta opp kritikk, snakke om det som er vanskeleg, og det vi er misnøgde med. Vi treng å kunne snakke saman når vi har opplevd krevjande situasjonar. Etter ei konkret hending er det kanskje fokus på korleis vi løyste det.

Men vi treng òg å bevisst fylle på med det vi faktisk får til. Det kan vi gjere ved å bestemme oss for eit positivt fokus, og ta ein eller to rundar i gruppa der vi spør: «Fortel om noko du har fått til på jobb i dag, noko bra?» eller «Korleis kan vi få meir av dette?». På den måten vel vi å fokusere på det som er bra.

For den beste måten å motverke utmatting på, er å bli minna på alt det gode vi faktisk får til. På den måten lærer vi av situasjonar der vi har lukkast, når vi har erfart at vi meistrar. 

Kvar dag får vi til noko bra

Og kvar dag får vi til noko bra. Det kan vere små ting. Eit smil i forbifarten, ein god samtale, noko vi fekk til i samarbeid med andre.

Og dersom vi deler alle dei små og gode tinga vi får til, kan summen av det bli ganske stor. Dette er ei moglegheit til å lade batteria i kvardagen, til å kome på pluss igjen.

Og det som er bra blir forsterka og løfta fram, og det utløyser kreativitet og vilje til endring.

Relevant:

RVTS Vest har utvikla kurset + prat, som bygge på anerkjennande organisasjonsutvikling og anerkjennande intervju.