Jobbar for å få råda for brukar- og pårørandemedverknad i bruk i praksis
Nyleg samla Helsedirektoratet alle kompetansesentra på rus- og psykisk helsefeltet til ein workshop.

Foto: Privat
Denne teksten er skrive av Hanne Wilhelmsen Giske. Omset til nynorsk og noko bearbeidd av RVTS Vest.
Tema for workshopen var implementering av dei nasjonale faglege råda for brukar- og pårørandemedverknad i rus- og psykisk helsefeltet.
Marius Sjømæling er seniorrådgivar ved Senter for brukermedvirkning i Helsedirektoratet, og har vore involvert i arbeidet med å utvikle dei nasjonale faglege råda for brukar- og pårørandemedverknad. No leier han arbeidet med å implementere dei, på vegne av Helsedirektoratet. Sjømæling ser fram til det vidare arbeidet.
– Eg gler meg til å følge kompetansesentra, og til å bidra og vere ein del av den endringa i eit «større lag».
Sjømæling fortel at han tidlegare syntest implementering var traust og kjedeleg, men at synet hans på det har endra seg.
– Det er jo implementering som bidreg til endring.
Ser moglegheiter og samarbeid – på tvers
Eit av Helsedirektoratet sine formål med å samle kompetansesentra var å skape ei felles forståing for råda, og behovet for å ha fokus på teneste- og systemnivå. Samt å sjå nærare på kva som trengst av verktøy for å implementere råda for brukar- og pårørandemedverknad, og kva verktøy direktoratet og sentra har som eventuelt kan justerast og reviderast.
Helsedirektoratet jobbar no med å etablere eit implementeringsnettverk som består av representantar frå brukar- og pårørandeorganisasjonar, kommune- og spesialisthelsetenesta, og kompetansesenter. Nettverket skal mellom anna bidra til å sjå samanhengar mellom implementeringa av psykisk helse-rettleiar for barn og unge, rettleiaren for lokal psykisk helse- og rusarbeid for vaksne, og råda for brukar- og pårørandemedverknad.
– Vi i direktoratet ønskjer å sette ting meir i samanheng. Det håpar vi på sikt vil gi betre tenester og forenkle implementeringsarbeidet.
Brukar- og pårørandemedverknad i framtida
Kvar trur du vi er om fem år, på brukar- og pårørandemedverknadsfeltet?
– Om fem år trur eg råda ikkje lenger berre gjeld for psykisk helse- og rusfeltet, men for heile helsefeltet. Eg trur det vil bidra til betre tenester, som kostar mindre, har lågare ressursbruk og samtidig gir meir nøgde pasientar og tilsette, avsluttar Sjømæling blidt og forventningsfullt.
Kjelde: Napha.no
Interessert i RVTS Vest sitt arbeid med brukar- og pårørandemedverknad?
RVTS Vest bidrar til å spre informasjon om dei nye faglege råda for brukar- og pårørandemedverknad, i alle fora kor det er relevant.
I 2022 etablerte Statsforvalteren i Rogaland eit nettverk med brukar- og pårørendeorganisasjonar og kompetansesentra på psykisk helse- og rusfeltet. RVTS Vest er også ein del av dette nettverket. Hensikten er å i fellesskap fremme tiltak som kan bidra til auka brukar- og pårørendeaktivitet i området psykisk helse og rus i Rogaland.
