Ikkje fjern samtaletrening frå sjukepleiarutdanninga!
Nei, det er ikkje uetisk å øve på samtalar med barn utsett for vald, overgrep og omsorgssvikt.

Eit svik mot barn og unge: I forslag til ny forskrift for sjukepleiarutdanninga blir det foreslått å fjerne kravet om at sjukepleiarstudentar skal kunne snakke med barn om tema som omsorgssvikt, vald og seksuelle overgrep. Grunngivinga er at dette er fagleg og etisk utfordrande å legge til rette for. Vår klare tilbakemelding er at dette ikkje stemmer – her har ein rett og slett sove i timen.
Her har ein rett og slett sove i timen.
Gjennom kontakt med både sjukepleiarar og andre yrkesgrupper veit vi at samtalar med barn og unge om vald og overgrep er krevande, og mange er redde for å trø feil. Men vi veit òg at vegen frå uvisse til tryggleik og meistring ikkje treng vere lang. Det er heilt rett at «øving gjer meister» – også når det gjeld den vanskelege, men livsviktige samtalen med barn og unge.
Og nei – vi treng ikkje utsette sårbare barn og unge for å vere «prøveklutar» for usikre studentar. Teknologien gir oss i dag gode moglegheiter til å øve på samtalar på måtar som er både fagleg og etisk forsvarlege. Det finst digitale verktøy, simuleringsprogram og undervisningsopplegg som gir realistisk trening utan å gå på kostnad av tryggleiken til barn.
Å nedprioritere kompetanse på samtalar om vald, overgrep og omsorgssvikt er ikkje eit lite kutt – det er eit alvorleg svik mot utsette barn og unge.
RVTS (Ressurssenter om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging) har i fleire år arbeidd med å utvikle og implementere slike verktøy og metodar. Vi i den nasjonale arbeidsgruppa for snakkemedbarn.no har god erfaring med at trening nyttar – også for sjukepleiarstudentar. Gjennom trening med avatarar gjer studentane seg viktige erfaringar med sitt eige kommunikasjonsmønster, og aukar ferdigheitene til å kunne snakke med barn dei er uroa for. Vi samarbeider gjerne vidare med utdanningsinstitusjonane om korleis ressursane kan takast i bruk, slik at studentar får trent på samtalar på ein nyttig, fagleg og etisk forsvarleg måte.

Vi forstår at sjukepleiarutdanninga står overfor krevande prioriteringar. Men å nedprioritere kompetanse på samtalar om vald, overgrep og omsorgssvikt er ikkje eit lite kutt – det er eit alvorleg svik mot utsette barn og unge. Det er òg eit steg i feil retning i arbeidet med å førebyggje vald og overgrep som samfunnsproblem.
Vi veit at belastande og traumatiske livserfaringar er overrepresenterte blant unge og vaksne som gjer gjenteken kriminalitet, som sjølv utset andre for vald og overgrep, som står utanfor arbeidslivet, og som strevar med både somatisk og psykisk helse. Å styrkje kompetansen til sjukepleiarar i møte med slike erfaringar er ikkje berre eit fagleg ansvar – det er eit samfunnsansvar.
Etter vår meining er det ikkje uetisk å gjere sjukepleiarar i stand til å utvikle gode auge å sjå med, og tryggleik og kompetanse til å hjelpe. Det som derimot er uetisk, er å ta frå dei moglegheita til å lære det.
Tekst: Mette E. Garmannslund, Randi Mossefinn, Linda R. Kvalvik, Rona E. Andersgaard , Ane H. Simonsen, Charlotte Johannesen, Liv Eli Gaup, Sandra A. Bergersen, Marlene Jørgensen, Anne-Lill Nilsen, Ingrid S. Møllen, Marita Sandvik og Siri Leraand, RVTS si nasjonale arbeidsgruppe for snakkemedbarn.no.
Spørsmål?
