Kva skjer i oss når vi møter menneske som ber på sterke historier?
Som hjelpere møter vi menneske som ber på sterke historier, og vi kan oppleve situasjonar som gjer særleg inntrykk. Kva skjer i oss då?
Som hjelpere møter vi menneske som ber på sterke historier, og vi kan oppleve situasjonar som gjer særleg inntrykk. Kva skjer i oss då?
Å høyre sterke historier med grufulle skildringar kan vere overveldande. Nokre gonger høyrer vi detaljar frå tortur eller overgrep. Dette kan skape kraftige kjenslemessige reaksjonar hos oss. Andre gonger blir vi utsette for svært ubehagelege situasjonar. Vi kan vere vitne til utagering, oppleve utskjelling eller vere vitne til sjølvskading eller sjølvmordsforsøk.
Ein vanleg reaksjon er å finne vår næraste kollega eller å «øse ut av oss» i lunsjen, utan å spare på detaljane. Ofte gjer vi dette utan å tenkje på om det passar, eller korleis det verkar på kollegaene våre. Dette kallast sliming. Sliming skildrar korleis vi overveldar kvarandre ved å dele for mange detaljar for fort, samstundes som mottakaren av historia er uforberedt.
Dette er naturleg, og handlar ikkje om at vi er uprofesjonelle eller burde tole det betre. Vi treng å kunne dele, og bør ha moglegheit til det, men det er ikkje naudsynt å dele dei verste detaljane. Det finst betre metodar.
Ein metode for dette kallast Low Impact Disclosure (deling med låg effekt) og inneheld fire trinn.
Det er viktig å ha eit godt arbeidsmiljø som ivaretek den enkelte og gir rom for å kunne dele sterke inntrykk, men det er også viktig å lage gode rammer for dette. Har ein det, vil det kunne bidra til å førebyggje både sekundærtraumatisering og utbrentheit.
Hjelp til hjelperen – ressursside for ledere og hjelpere som opplever stress, utbrenthet og fatigue på sin arbeidsplass.