Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Ei gruppe menn og ein hund ved ein innsjø. Dei har fiskeutstyr.

Helande fellesskap

Å ha sosial kontakt med andre og kjenne at ein høyrer til, er eit grunnleggande menneskeleg behov. 

Beate Gauden
Publisert 16.10.2025

Det ligg i naturen vår å søke fellesskap – å vere ein del av noko som er større enn oss sjølve. Gjennom sosiale aktivitetar og fellesskap kan vi finne meining i livet.

Tenk at det vi ofte tek for gitt – ei triveleg aktivitet der vi møter andre – faktisk kan vere helsefremmande. Ja, det sosiale fellesskapet kan i seg sjølv vere helande. Ein fast avtale onsdag klokka seks, til dømes, kan bety alt.

At nokon ventar på meg og har forventningar til meg. Det handlar om trygge rammer og struktur i kvardagen, der ein får bidra saman med andre. Fotball, musikk, trening, fjelltur, fiske, dans eller riding. Same kva det er. Berre vi gjer noko aktivt, gjer noko saman, gjer noko meiningsfullt. Tre ingrediensar som styrker den psykiske helsa.

Det viktige sosiale fellesskapet

Det vanlege livet er viktig for oss alle, og det er viktig for god psykisk helse. Den amerikanske psykiateren Bruce Perry, kallar dette for magien i det vanlege livet.

The Everyday Magic
Bruce Perry

Når sosiale fellesskap er så viktig for menneske generelt, kva kan det då bety for menneske med traumatiske erfaringar? For menneske med livsbelastningar, for dei som må starte heilt på nytt – utan familie, nettverk eller jobb. Kan det vanlege livet med sosiale relasjonar faktisk ha terapeutisk verdi? Heling startar i trygge fellesskap utan krav om endring. Den australske psykologen Dr. Howard Bath understrekar nettopp dette.

At ein god kvardag kan ha terapeutisk effekt.

Invitere til sosialt fellesskap

Når vi veit dette, er det viktig at menneske som lever isolert, blir inviterte inn i sosiale fellesskap. For traume treng relasjonar for å bli regulerte og heile.

Å vere ein del av eit fellesskap kan altså reparere det som tidlegare har blitt øydelagt. Påkoblingar som skjer når vi gjer noko saman, og den avkoblinga frå stress og belastningar som skjer samtidig, er det som trengst for å få denne helande effekten. Alt tyder på at fokus på det normale og det som fungerer i kvardagen har best effekt, alt i alt.

Ei gruppe menneske som spiser mat
Det er det same kva vi finn på

Berre vi gjer noko aktivt, gjer noko saman, gjer noko meiningsfullt. Tre ingrediensar som styrker den psykiske helsa.

Menneske treng å veksle mellom det vanskelege – det som må jobbast med – og det gode. Då kan vi ta tak i det vanskelege i korte periodar, og elles berre ha det bra, kjenne meistring og oppleve tilhøyring. Kvilen ein får mellom slaga er avgjerande for å ha overskot til å jobbe med det vanskelege, eller til å tole dei dårlege dagane og situasjonane.

Vi må bygge resiliens

Å tole motstand blir kalla resiliens. Vi veit at menneske kan klare seg trass i belastningar, og at det som bygg resiliens – som fellesskap og oppleving av meistring – er avgjerande. Det er vanskeleg å peike på éin enkelt faktor i individet, eller éi enkelt hending som beskyttar mot skade eller vanskar.

Det ser heller ut til å vere summen av alle dei små og store opplevingane ein har i løpet av ein dag, ei veke, eit år, som til saman har verka for oss. 

Som den svenske forfattaren og biskopen Manfred Bjørkvist sa: Menneska er skapte til å hjelpe kvarandre. Berre i vilje til fellesskap fungerer menneskelivet etter sine føresetnader.

Menneske treng menneske.

Bath, H. (2015). The Three Pillars of TraumaWise Care: Healing in the Other 23 Hours

Nordanger, D. Ø., & Braarud, H. C. (2017). Utviklingstraumer – regulering som nøkkelbegrep i en ny traumepsykologi. Fagbokforlaget.

Menneske treng menneske

Nettressurs for deg som er frivillig i lag og organisasjonar, og som ynskjer å bli tryggare i møte med menneske med fluktbakgrunn og traume.

Gå til nettressurs
Bærbar PC som viser nettressursen Menneske treng menneske