Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Endringsagentar byggjer tillit innanfrå

Endringsagenter mot negativ sosial kontroll og æresmotivert vald har fått nasjonal anerkjenning. Nettopp fordi dei byggjer tillit innanfrå.

Publisert 03.06.2026
Sist oppdatert 04.06.2026
Eigruppe menneske som sit ved bord og ser på ein skjerm
Til hausten har vi over 300 endringsagentar i heile landet. Bilete frå nasjonal endringsagentopplæring i Bergen, våren 2026.

Sidan 2021 har RVTS tilbydd den nasjonale opplæringa Endringsagentar – som er ein del av regjeringa sin handlingsplan mot negativ sosial kontroll og æresmotivert vald. Programmet er utvikla av RVTS på oppdrag frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. 

Elisabeth Harnes frå RVTS Vest er nasjonal prosjektkoordinator for opplæringa. Ho fortel at det til hausten er over 300 fagpersonar frå frivillige organisasjonar og trus- og livssynssamfunn over heile landet som har fullført opplæringa. 

Elisabeth Harnes underviser
Elisabeth Harnes underviser på Endringsagentopplæringa.

– Endringsagentane utgjer eit viktig supplement til dei ordinære offentlege tenestene, seier Elisabeth. – Dei er i ein unik posisjon fordi dei arbeider i frivillig sektor, og fleire på innsida av sine respektive miljø – ofte med den tilliten som krevst for å kome i posisjon.  

 

Dei er i ein unik posisjon fordi dei arbeider i frivillig sektor, og fleire på innsida av sine respektive miljø – ofte med den tilliten som krevst for å kome i posisjon.
Elisabeth Harnes

 

Ho fortel at nokre jobbar primær- og sekundærførebyggjande gjennom lågterskelaktivitetar, grupper, rettleiing og undervisning. Andre er meir operative, som til dømes Røde Kors-telefonen. Felles for alle er at dei er utrusta med tverrfagleg kompetanse på tematikken til å førebyggje, avdekkje og kople på riktige hjelpeinstansar når det er nødvendig.  

Ein mann og ei kvinne står foran ein whiteboard
Frå nasjonal endringsagentopplæring i Bergen, våren 2026.

Del av handlingsplanane i Bergen og Oslo 

I 2023 vedtok Bergen bystyre Noregs første handlingsplan om førebygging av negativ sosial kontroll, der endringsagentopplæringa inngår som eit konkret tiltak. Planen byggjer på tre strategiar: å bistå utsette på ein fagleg god måte, å spreie kompetanse til offentlege tenester og frivillige organisasjonar, og å fremje kunnskapsutvikling om tematikken. 

– No følgjer Oslo etter. I handlingsplanen Fra frykt til frihet er endringsagentopplæringa eit eige tiltak. Det er ei anerkjenning at dei to største byane har prioritert å få inn opplæringa. Det er vi i RVTS veldig stolte av, seier Elisabeth. 

Mirza-Mehmood i SV var pådrivar for å få opplæringa inn i handlingsplanen Fra frykt til frihet i Oslo. I ein artikkel i nettavisa Utrop peikar ho på at mange utsette for negativ sosial kontroll eller vald i nære relasjonar ikkje oppsøkjer det offentlege hjelpeapparatet.

 

Nokre manglar tillit til systemet og er redde for konsekvensane av å be om hjelp. Nokre fryktar familien. Andre fryktar å bli utstøytte frå eige miljø.
Elisabeth Harnes

 

– Dette er noko vi i RVTS lenge har erfart frå arbeid med, og i rettleiing av diasporamiljø. Og ikkje minst frå endringsagentane sine eigne erfaringar frå feltet, seier Elisabeth.  

– Nokre manglar tillit til systemet og er redde for konsekvensane av å be om hjelp. Nokre fryktar familien. Andre fryktar å bli utstøytte frå eige miljø. Fleire er usikre på om dei vil bli trudde. Mange veit heller ikkje kva rettar eller hjelpetilbod som finst.

Samling for endringsagenter
Nettverkssamling på Gardemoen for endringsagentar frå heile landet.

Tillit som inngangsdør 

Ifølgje Mirza-Mehmood er endringsagentane eit eksempel på korleis førebygging kan skje gjennom samarbeid mellom offentlege styresmakter og personar som allereie har tillit i ulike miljø. 

Ho seier at ingen bør stå åleine i møte med vald, frykt eller kontroll, og at målet er at hjelpa kjem tidlegare og terskelen for å be om hjelp blir lågare – noko som også krev å styrkje tillitspersonar i miljøa. 

– Det er nettopp dette fundamentet endringsagentopplæringa er bygd på, seier Elisabeth og understreker viktigheita av å utruste ressurspersonane med god nok fagkompetanse til å utøve arbeidet på ein fagleg forsvarleg måte.

– Utskolerte endringsagentar blir i dag aktivt brukte som ressursar i samarbeid med det offentlege, og som supplement der det offentlege ikkje strekkjer til; som brubyggjarar, rettleiarar, rågivarar, meklarar og formidlarar på tematikken internt i frivillige organisasjonar og berørte miljø- og som viktige stemmer i det offentlige rom. 

RVTS heier på utviklingsarbeidet i Oslo og håpar fleire byar – utover Bergen og Oslo – vil implementere tiltaket i sitt førebyggings- og planarbeid. På denne måten kan vi nå fleire utsette frå berørte miljø, som i dag er usynlege i det offentlege hjelpeapparatet, avsluttar Elisabeth Harnes. 

Har du spørsmål?

Elisabeth Harnes.

Elisabeth Harnes

Rådgjevar

ehar@helse-bergen.no 90697525