Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Ein ung mann som står i ein gang

Ei annleis sorg

I over 20 år har Anne Karin Fossheim Eide hjelpt dei som har opplevd å miste sine kjære til sjølvmord.

Sylvia Haukanes
Publisert 13.09.2025
Anne Karin Fossheim Eide

Foto: Sylvia Haukanes

Anne Karin Fossheim Eide.

Kort om Anne Karin Fossheim Eide

  • Vernepleiear med vidareutdanning i psykiatri
  • Utdanning i komplisert sorgterapi
  • Erfaring frå arbeid med både unge, vaksne og eldre.
  • 10 år på helsestasjon, med psykisk helse hos ungdom. Mange som hadde mista foreldre i sjukdom, mange som hadde mista vener
  • Har drive sorggrupper i LEVE Hordaland i 15 år

Meiningsfullt arbeid

Anne Karin Fossheim Eide har over 20 års erfaring med å hjelpe dei som har opplevd å miste sine kjære i sjølvmord. Ho driv sorggrupper i LEVE Hordaland, og fortel om eit meiningsfullt arbeid som ein får god opplæring og støtte til.

– Som sorggruppeleiar får ein høve til å ta opplæring og kurs. Utdanninga i komplisert sorgterapi fekk eg dekka av LEVE. I tillegg får vi fagleg påfyll i regi av LEVE heile tida. Det er kjempebra, og eg kjenner meg veldig heldig. Vi har òg fått rettleiing frå RVTS Vest – det har vore heilt fantastisk. Både for meg og dei andre. Samstundes har vi som er sorggruppeleiarar mykje støtte i kvarandre.

Sorggruppeleiarane pleier å snakke saman både før og etter sorggruppene. Då tek dei opp ting som er vanskelege. Anne Karin fortel at dette er veldig viktig for å få til god oppfølging av gruppene.

– Eg er pensjonist, og synes at dette er utruleg meiningsfullt å halde på med.

Korleis er det å møte i ei sorggruppe?

Anne Karin fortel at dei brukar tid på å snakke med deltakarane på førehand. Dei fortel om LEVE og korleis det er å gå i sorggruppe.

– Samstundes kan dei ikkje vite korleis det er før dei kjem i gruppa, og alle sit og fortel si historie.

Difor brukar sorggruppeleiarane god tid på å sette saman gruppene. Dei prøver å planlegge slik at alle får møte nokon som har mista den same relasjonen – til dømes barn eller sysken.

– Men viss det er ektepar, så har vi dei i kvar si gruppe. Erfaringa viser at det er lurt, og det fungerer veldig godt. Dei snakkar meir når dei ikkje har den andre med seg. Om dei er saman, blir det ofte at dei kjem heim og spør «Kvifor sa du det?» og «Kvifor reagerte du slik?». Det skal dei sleppe.

I gruppene er det ei blanding av dei som nettopp har mista, og som mista for ei stund sidan.

– Dette ser vi som ei styrke – det gir håp. Dei som mista for ei stund sidan, har gjerne gått i mange år utan å snakke om det på denne måten, men dei har kome til ein annan plass likevel. Dei som er nyleg etterlatne, kjenner at det går an å ha eit liv vidare. For det trur dei ikkje. Dei trur ikkje at det går an å overleve det.

LEVE Hordaland sine sorggrupper startar i oktober og varer ut januar.

– Ti gonger kvar månad. Fast dag og fast klokkeslett. Ein og ein halv time. Det går veldig fort. Dei siste åra har vi hatt eit treff to månader etterpå, der dei som har gått i grupper kjem saman, og så bestiller vi pizza. På treffet snakkar vi litt om korleis det har gått. Kva som har vore bra, kva som kunne vore annleis. Dette er lettare å snakke om når vi får litt avstand. Stort sett alle kjem, så det verkar som folk set pris på dette treffet.

Og så er det ikkje berre sorg. Det er òg skuldkjensle og skam. Det er framleis tabu med sjølvmord, og mange kjenner at det er vanskeleg å snakke om.
Anne Karin Fossheim Eide

Å miste nokon i sjølvmord

Anne Karin fortel at sorggrupper for dei som har mista nokon i sjølvmord skil seg litt frå andre sorggrupper.

– Det er forska ein god del på det. Eg er veldig redd for å setje ulike typar sorg opp mot kvarandre. Sorg er sorg. Alle som mistar nokon dei er glade i, sørger.

Vidare fortel ho at etterlatne etter sjølvmord opplever ei annleis sorg. På mange måtar, sjølv om det kan vere forventa. Nokon har hatt rusutfordringar i lang tid. Nokon har hatt psykiske problem.

– Men når det skjer, blir det ei fullstendig krise. Nokon seier det kjennest som ei atombombe. Og så er det ikkje berre sorg. Det er òg skuldkjensle og skam. Det er framleis tabu med sjølvmord, og mange kjenner at det er vanskeleg å snakke om.

– Viss sonen min tek livet sitt, så må det vere noko eg har gjort gale. Om nokon døyr i sjukdom eller trafikkulukke, så er ikkje det noko ein kan styre.

Å miste nokon i sjølvmord kan vere ei veldig einsam sorg.

– I eit parforhold vil gjerne den eine snakke, den andre ikkje. Når dei kjem i sorggruppa, set dei ord på det, og møter andre som kjenner på det same.

I sorggruppene er det eitt tema som raskt kjem opp: Skuld og skam.

– Mange trur at dei har gjort noko feil, at det er noko dei ikkje har sett eller noko dei skulle ha gjort. Dei har skamkjensle for ikkje å vere gode nok. Ikkje vere god nok forelder, ikkje god nok partner, ikkje god nok ven. Dei blir gåande i eit vakuum av skuld.

- Då hjelper det ikkje å seie «det er ikkje di skuld».

Kva hjelper?

I sorggruppene set dei ord på det som har skjedd og høyrer at andre opplever det same. At andre har det likt som deg.

– Mange kjenner at omgjevnadene tenker at det må vere noko gale i den familien sidan ho eller han tok livet sitt.

Nokon kjenner at dei ikkje har møtt ungdommen sin på rett måte, eller har gjort masse feil i livet. I eit parforhold seier ein ofte ting  ein kan angre på i etterkant.

– Då seier eg som sorggruppeleiar, at slik kjennest det for deg no. Og at slik skal det ikkje vere for deg alltid. Som fagperson kan eg våge å seie det.

Ei ung kvinne som går tur med ein hund
Praktisk hjelp

Mange fortel at det dei blir mest glade for, er praktisk hjelp.

Kva kan samfunnet gjere?

Anne Karin har snakka med mange som saknar meir oppsøkande oppfølging.

– Hjelp over tid frå nokon utanfor nettverket som tåler å stå i det vanskelege saman med dei etterlatne. Som tåler å høyre.

Anne Karin er òg oppteken av kva nettverket rundt kan gjere – naboar, kollegaer, familie og vener.

– Mange fortel at det dei blir mest glade for, er praktisk hjelp.

«Eg veit kva som har skjedd. Er det noko eg kan bidra med?». Dei kan trenge hjelp med å passe ungane. Spør i så fall.

«Skal eg passe ungane dine litt?»

«Skal eg lufte hunden?»

– Berre ver litt på tilbodssida. Mange synest det er vanskeleg når folk seier: «Du må berre seie frå viss du treng noko». Det kan vere vanskeleg å seie frå.

Anne Karin oppmodar difor til å berre gjere det. Det treng ikkje vere stort. Det treng ikkje koste mykje.

– «Eg tek kontakt med deg kvar veke». Viss det er sant. Og så gjer du det.

Ikkje gå forbi

Anne Karin fortel at det er svært vanskeleg for etterlatne viss nokon overser dei. Ofte er det slik fordi folk ikkje veit kva dei skal seie.

– Du treng ikkje seie noko som helst. Det kan berre vere ein klapp på skuldra. Det vanskelegaste og verste er viss nokon berre overser. Eller går rett forbi.

Når det har gått ei stund, opplever mange etterlatne at folk rundt har gløymt det litt, og tenker at sorga har gått over.

– Eg tenker tvert imot, at når det har gått ei stund, er det endå viktigare at ein stikk innom eller sender ei melding. «Tenker på deg». Mange seier at det betyr veldig mykje. Sjølv om det er ei stund sidan. Kanskje de kan ta ein prat. Kanskje gå ein tur.

Ei oppmoding

Anne Karin håpar fleire vil finne vegen til sorggrupper – anten som deltakarar eller som gruppeleiarar. «I sorggruppene blir det satt ord på det som har skjedd, og man finn fellesskap og trøyst i å møte andre som har opplevd det same. Som sorggruppeleiar, opplever eg det som svært meiningsfullt arbeid. Ein må vere glad i folk, tole å høyre og ha empatien «på plass»», seier ho.

Verdensdagen for sjølvmordsførebygging 10. september minner oss om at ingen skal måtte bere sorga åleine. Sorggrupper gjev rom for fellesskap, forståing og håp – og du kan vere med på å gjere ein forskjell.

Har du sjølvmordstankar?

Råd og informasjon finn du på Helsenorge.no