Du har plikt til å avverge vald
Straffelova pålegg alle norske borgarar å forsøke å avverge alvorleg vald.

Likevel er det heile kvar fjerde nordmann som ikkje kjenner til denne plikta.
Kva er avvergeplikta?
I Noreg har vi ei lovpålagt plikt til å handle når vi får kjennskap til alvorlege lovbrot som drap, valdtekt, vald i nære relasjonar eller seksuelle overgrep mot barn. Denne plikta kallast avvergeplikta, og den gjeld alle – både deg som jobbar med menneske og har teieplikt, og deg som privatperson.
Avvergeplikta er forankra i straffelova § 196. Når vi ser noko som ikkje stemmer, må vi tore å bry oss – fordi nokre gonger er det akkurat det som kan redde eit liv.
Kjelde: Plikt.no
Ny e-læring
Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS) har utvikla eit nytt e-læringsverktøy skal hjelpe yrkesutøvarar å kjenne igjen situasjonar kor dei har avvergeplikt. Målgruppe er tilsette i helse- og oppvekstsektoren.
I e-læringskurset får vi innblikk i fire kvardagssituasjonar: frå legekontoret, frå helsestasjonen, frå barnehagen og frå skulen.
Kvar del har små filmsnuttar og tilhøyrande spørsmål som du kan reflektere over og lære av – åleine eller saman med kollegaer.
Hensikta med e-læringskurset er å bidra til meir effektiv handtering av vald og overgrep og sikre at dei som blir utsette for vald og overgrep får den beskyttelsen og hjelpa dei treng.
E-læringskurset er tilgjengeleg på Plikt.no.
RVTS Vest si rolle
RVTS Vest bidrar til auka kunnskap om avvergeplikt, teieplikt, opplysningsrett og opplysningsplikt (meldeplikt) i tenestene gjennom våre ulike tilbod, som for eksempel Trygg til handling og Konsultasjonsteam om vald og seksuelle overgrep.