Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Nærbilete av ein mann som får ei trøstande hand på skuldra

«Du er ikkje åleine»

Jarle fann fellesskap og livsglede i sorggruppa.

Julie F. Andreassen
Publisert 09.09.2025
Jarle

Foto: Sylvia Haukanes

Jarle har delteke i sorggruppe for etterlatne etter sjølvmord.

Då Jarle miste storebroren sin i sjølvmord, var det som om verda mista fargar. Sorga var tung, og samfunnet rundt visste ikkje alltid korleis det skulle møte ho. «Korleis kan du be om hjelp i eit samfunn som ikkje har hjelp å tilby?» spør han. Det skulle gå mange år før han fann eit rom der smerta kunne delast – og bli forstått.

Jarle er ein av dei som har delteke i sorggruppe for etterlatne etter sjølvmord. I dag fortel han si historie for å vise at det finst håp, og at fellesskap kan gje styrke.

Eit hellig rom

Sorggruppa vart eit vendepunkt. «Det var som å kome til eit hellig rom,» seier Jarle. «Det mest nyttige var kunnskapen om relasjonar og det å ikkje vere åleine.» Han skildrar møta som fulle av varme og forståing – ein stad der han kunne seie: «Denne smerta kan ingen andre ha kjent» og bli møtt med nikk, ikkje stillheit.

Han fortel om møtet med heilt vanlege menneske, og korleis det gav ei kjensle av normalitet midt i det unormale. «Vi er meir like enn ulike,» seier han. «Det var ikkje noko som var vanskeleg – det var fellesskapet som bar.»

Tid og tryggleik

Jarle understrekar at det aldri er for tidleg – og aldri for seint – å søke støtte. «Kom, berre kom,» seier han. «Om det har gått to månader eller tjue år, spelar inga rolle.» Han opplevde at sorggruppa gav han ei slags fortøying i systemet, ein tryggleik i å vite at nokon ville ringe og følgje opp. «Eg ringer deg om 14 dagar» – ei enkel setning som betydde alt.

 

Ei kvinne held rundt eit barn. Dei er ute på tur i fjellet.

Fann tid og tryggleik i sorggruppa

"Det aldri er for tidleg – og aldri for seint – å søke støtte", seier Jarle.

Frå einsemd til livsglede

Bak historia til Jarle ligg eit liv prega av både tap og styrke. Han miste storebroren sin for 46 år sidan, og har sidan kjent på einsam sorg. Men han har òg funne livsglede – i fuglar, blomar, musikk og fellesskap. Han skildrar seg sjølv som ein «tøffing», men òg som ein som har kjent på depresjon og livets motbakkar. Sorggruppa vart ein stad der heile han fekk plass.

Ei oppmoding

Jarle håpar fleire vil finne vegen til sorggrupper – anten som deltakarar eller som gruppeleiarar. «Det tøffaste er å ta med historia vår inn i det djupaste,» seier han. «Men det er òg der forståinga opnar for nytenking.»

I samband med Verdensdagen for sjølvmordsførebygging 10. september minner historia til Jarle oss om at ingen skal måtte bere sorga åleine. Sorggrupper gjev rom for fellesskap, forståing og håp – og du kan vere med på å gjere ein forskjell.

Har du sjølvmordstankar?

Råd og informasjon finn du på Helsenorge.no