Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Den internasjonale dagen mot kvinneleg kjønnslemlesting

I samband med den internasjonale dagen mot kvinneleg kjønnslemlesting 6. februar, har vi laga ei oversikt over ressursar for arbeid med førebygging og oppdaging av kjønnslemlesting.

Publisert 02.02.2026
Sist oppdatert 04.02.2026
Ei mor som held babyen sin

Foto: Wings Panic, Pexels

Illustrasjonsfoto.

Gratis læring på nett (nettsider og e-læring)

Temaside om kjønnslemlesting

temaside om kjønnslemlesting kan du lese om kva kjønnslemlesting er og kva du skal gjere ved mistanke (RVTS Øst)

Plikt.no

Plikt.no er ei nettressurs kor du finn alt du treng å vite om avvergeplikta. Alle har plikt til å avverge ved mistanke om kjønnslemlesting (NKVTS)

Snakkemedbarn.no

Snakkemedbarn.no er ein snakkesimulator (øving på å snakke) for deg som snakkar med barn og ungdom. Det er ikkje ein spesifikk avatar som handlar om kjønnslemlesting, men ein kan trene på avdekking generelt (RVTS)

Trygg til handling

Trygg til handling er ein ressurs om vald og seksuelle overgrep for alle som jobbar med barn og unge, og ein lærer å avdekke (RVTS Vest)

Vold og seksuelle overgrep mot barn

E-læringskurset Vold og seksuelle overgrep mot barn skal gjere tilsette i barnehage og skule tryggare i å snakke med barn, for å kunne avdekke og melde vald og seksuelle overgrep vidare til barnevern og politi (RVTS Nord)

 

Kurs

26. mars: Digitalt grunnkurs om kjønnslemlestelse (RVTS Øst)

 

Opplæringsprogram

Endringsagenter - nasjonal endringsagentopplæring om førebygging av negativ sosial kontroll og æresrelatert vald (RVTS)

Fagopplæring om førebygging av negativ sosial kontroll og æresrelatert vald  (RVTS Vest)

Ei kvinne i profil,  som sit i ein stol
6. februar: Den internasjonale dagen mot kvinneleg kjønnslemlesting

Den internasjonale dagen mot kvinneleg kjønnslemlesting har som mål å styrke innsatsen for å eliminere praksisen.

Rettleiar

Vegvisar om kjønnslemlesting

Vegvisaren om kjønnslemlesting er ei rettleiing om jenter og kvinner i risikosona, og dei som allereie har blitt utsette (NKVTS)

Førebygging av kjønnslemlesting

Nasjonal rettleiar om førebygging av kjønnslemlesting (Helsedirektoratet)

Andre ressursar

Kompetanseteamet mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald

Eit nasjonalt tverretatleg fagteam som rettleiier og tilbyr kompetanseheving for å førebygge, avdekke og sikre rett hjelp til personar utsette for alle formar for negativ sosial kontroll og æresrelatert vald (Barne- ungdoms- og familiedirektoratet)

Konsultasjonsteam om vald og seksuelle overgrep

Konsultasjonsteam om vald og seksuelle overgrep er ei nettside om korleis etablere og drifte tverretatlege konsultasjonsteam om vald og seksuelle overgrep (RVTS Vest)

Nasjonale faglege råd

Nasjonale faglege råd for tverrfaglege konsultasjonsteam i saker der det er uro for omsorgssvikt, vald eller overgrep mot barn og unge (Barne- ungdoms- og familiedirektoratet)

Dinutvei.no

Dinutvei.no er ein nasjonal vegvisar ved vald og overgrep (NKVTS)

Kommunale handlingsplanar mot vald

Rettleiar for utabeiding av kommunale handlingsplanar mot vald i nære relasjonar (NKVTS)

Helseproblem på grunn av kjønnslemlesting

Informasjon for berørte om helsehjelp og behandling av kvinneleg kjønnslemlesting (Helsenorge.no)

 

Nettverk

Nasjonalt nettverk for arbeid om kjønnslemlestelse / kvinnelig omskjæring (NAKK)

NAKK er ein arena for fagleg oppdatering og utveksling av kunnskap og erfaringar i arbeidet med kjønnslemlesting (NKVTS)

Nettverk i region vest

Nettverk for forebygging av vald og overgrep mot barn og unge

Nettverk om vald og overgrep for kommunane i Vestland.

Vestlandsnettverket

Vestlandsnettverket jobbar for å førebygge negativ sosial kontroll og æresrelatert vald i region vest.

Haugalandsnettverket

Haugalandsnettverket skal bidra til at arbeidet med personar som blir utsette for negativ sosial kontroll og æresrelatert vald, blir avdekt, ivareteke og handtert på ein føremålstenleg måte.

Hjelpetiltak (Bergen kommune)

Tverretatlig operativt team (TOT) for negativ sosial kontroll og æresrelatert vald

Temaside om negativ sosial kontroll