Vi bruker informasjonskapslar
Vi bruker informasjonskapslar for at nettsidene våre skal fungere.
Les meir om informasjonskapslane våre
Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo rvts vest
Ein leande gut som springer

Den inkluderande og regulerande leiken i skulen

Niklas på åttande trinn deltar i gruppeleik bakerst i klassen. Han ler, spring, skriv og grublar saman med to andre.  

Tekst: Beate Gauden
Publisert 05.06.2025

Læraren observerer, han kjenner knapt Niklas igjen: Den urolege guten som ofte er sint og har få venner, han deltar med stor glede i leiken.  

Kva er det som skjer?  

Jo, lærarane har lagt inn leik og aktivitet kvar einaste dag. Dette har gjort store endringar i klassemiljøet, det har påverka læringsmiljøet, og det har hatt fin effekt på Niklas.  

Leikens potensiale 

Veit du kor mykje potensiale som ligg i leik og aktivitet for barn og unge i skulen? No skal eg kort gi deg 5 område der leik  kan ha stor effekt på elevane og klassemiljøet:

1. Leikens eigenverdi

Leik gjer barn og unge gladare! Leik er lystbetont og gjev elevar gode følelsar – og elevar med gode følelsar har det betre. Leik gir elevar ei oppleving av livskvalitet rett og slett. Gjennom eit mangfald av aktivitetar kan elevane oppleve å finne sine styrker – det gir dei små friminutt utan stress - men med smil og livsglede.

2. Den sosiale effekten

Gjennom leik og aktivitet styrker ein fellesskapet og klassekjensla.  

Leikbaserte aktivitetar bidreg til betre inkludering og trygt og godt skulemiljø. Elevar som har gode opplevingar saman, tek betre vare på kvarandre. Når elevar har det godt saman, vert det mindre mobbing. Gode fellesskap slår ring rundt den enkelte, og bygger sterke lag.

 

Det er jo eit paradoks, at det som kan vise seg å vera den beste læringsforma i skulen, den vert brukt minst.
Beate Gauden

 

3. Læringseffekten

Det er jo eit paradoks, at det som kan visa seg å vera den beste læringsforma i skulen, den vert brukt minst. Leik er ein lærings- og utviklingsarena, det er barn sin sunne måte å leve på, og i skulen er det ein «kongsveg» til meistring og læring.   

Mange seier at vi har ikkje tid til leik i skulen fordi vi har pensum. Det er rart, når forsking viser kva læringseffekt som kan ligge i leik.

4. Reguleringseffekten

Det er vanskeleg å “putte læring inn” i hjerner som er lite tilgjengelege. Og hjernen er lite tilgjengelig når elevane er urolege, ukonsentrerte eller fulle av følelsar.  

For å vere trygge og tilstades treng elevane å vere inne i toleransevinduet. Er elevane trøytte, frustrerte eller urolege, då er dei over eller under toleransevinduet sitt, og då er læringsvinduet smalt og gjerne tryggheten liten.  

Det er liten vits i å formane elevar til å sitte stille og lytte visst læringsvinduet er lite. Det er fordi “lærehjernen”, den delen av hjernen som må vere aktiv når barn skal lære, den er på ein måte avskrudd når elevane er ute av toleransevinduet sitt.  

Den tida du ville brukt til å finne ro i klassen, med formaningar og grensetting, bruk heller den til leik som regulerer! 

Ein gut som rekk opp handa
Leik er godt for læring

Det er vanskeleg å “putte læring inn” i hjerner som er lite tilgjengelege. Og hjernen er lite tilgjengelig når elevane er urolege, ukonsentrerte eller fulle av følelsar.  

5. Leik er helande for elevar med traumer

Leik og leikbaserte tilnærmingar har fått stadig større anerkjenning i traumefeltet.  

Det er blant anna fordi vi har begynt å ta inn over oss at barn som vert utsett for utviklingstraumer eller lever i livsbelastningar, dei har fått for lite av det gode og for mykje av det vonde.  

Dei har gått glipp av så mange viktige omsorgserfaringar – og relasjonelle erfaringar som alle barn treng for å få ei god utvikling. I leik kan traumatiserte barn øve  på å handtere redsel, uro og aggresjon.  

Det kan gje rom for nye måtar å kontrollera og meistra reaksjonar på traumatiske erfaringar. 

I trygg leik skjer ei avkopling og ei påkopling  

Hjerne og kropp vert avkopla stress og utrygghet samtidig som det skjer ei påkopling til gode følelsar og glede. Denne påkoplinga kan fungere som ein reparasjon for barn som har vore utsett for tøffe opplevingar.  

I leiken kan elevane utforske og gjere seg nye erfaringar med seg sjølv og andre, utan å vera i forsvarsposisjon, og utan å vera hemma av det sjølvkritiske blikket som ofte føl med det å ha ei utviklingstraumehistorie.  

Når vi skal hjelpe desse barna, må vi prøve å kompensere for dei erfaringane dei har fått for lite av. Leik, og då særleg fysisk leik i samspel med andre, inneheld den typen sanselege og relasjonelle erfaringar som trengs for å regulere følelsar. 

Og det er jo noko mange med ein utviklingstraumehistorie strevar særleg med. Det er difor vi kan kalle leiken for terapi for desse elevane. 

Frå leik som belønning, til leik som fast del i skulekvardagen 

Ein del skular bruker leik som belønning, gjerne noko kjekt på slutten av dagen.  

Vi kan tenke annleis:  

Å leggje inn faste gode aktivitetar gjennom dagen belønner alle ved at dei får oppleve den gode effekten av leiken resten av dagen. 

Bjørnestad, E., Myrvold, T. M., Dalland, C. P., Hølland, S., Andersson-Bakken, E., Håøy, A., Svanes, I. K., & Sundtjønn, T. (2023). Et blikk inn i førsteklasserommet: Lek, læring og vennskap. Delrapport II. Skriftserien.

Blair, C., & Raver, C. C. (2015). School readiness and self-regulation: A developmental psychobiological approach. Annual Review of Psychology, 66, 711–731.

Brekke Stangeland, E. (2017). The impact of language skills and social competence on play behaviour in toddlers. European Early Childhood Education Research Journal, 25(1), 106–121. https://doi.org/10.1080/1350293X.2016.1266224

Fisher, K. R., Hirsh‐Pasek, K., Newcombe, N., & Golinkoff, R. M. (2013). Taking shape: Supporting preschoolers’ acquisition of geometric knowledge through guided play. Child Development, 84(6), 1872–1878.

Haug, P. (2024). Ein elevvennleg kunnskapsskule. Utdanningsnytt. https://www.utdanningsnytt.no/peder-haug-pisa-skole/ein-elevvennleg-kunnskapsskule/392570

Yogman, M., Garner, A., Hutchinson, J., Hirsh-Pasek, K., Golinkoff, R. M., Baum, R., Gambon, T., Lavin, A., Mattson, G., & Wissow, L. (2018). The power of play: A pediatric role in enhancing development in young children. Pediatrics, 142(3).