Dei fleste ungdommar driv ikkje med kriminalitet
- Vi må berre vere tettare på den lille promillen som gjer det.

På fagdagen Dialog og utanforskap i regi av Rogaland fylkeskommune, RVTS Vest, IMDI og Haugalandsnettverket, sto Hanne Detlefsen Holm og Mahsa Sheikh for hovuddelen av programmet.
Dei var invitert for å fortelle korleis dei jobbar med kriminalitetsforebygging gjennom eit samarbeid på tvers av ulike instansar og etatar i Oslo øst.
Dagens utfordringsbilete
Dei fortel at Oslo øst har eit kriminalitetsbilete som er prega av grov vald, ran, bortføringar, openlys narkotikaomsetning, gjengkriminalitet, skytingar, drap, drapsforsøk, bedrageri, ulovleg væpning og truslar.
- Dette veit vi at fleire enn oss står i, men som de sikkert har sett i nyheitene, så skil Oslo øst seg ut med eit veldig høgt volum av slike saker.
Dei fortel at ungdomskriminaliteten aukar, og enkelte miljø er prega av ein sterk tausheitskultur, der mange ikkje vil snakke med politiet eller andre hjelpetenester i frykt for represaliar eller tap av sosialt omdømme.
Sjølv utsett for vald
Ein nyleg lansert rapport frå Oslo politidistrikt, viser at 41 av totalt 55 barn og unge som var registrerte med ti eller fleire lovbrot i Oslo i 2023, har sjølv vore fornærma i minst ei valdssak.
Eit av hovudfunna er at det er tydeleg kopling mellom ungdomskriminalitet og vald i heimen.
- Dette understrekar kor viktig det er å verne desse barna frå tidleg alder, seier Hanne Detlefsen Holm. - Vi må kome inn tidlegare.
Modell for oppfølging
I Oslo øst jobbar dei difor med ein modell for oppfølging av ungdomane. Dette er ein strukturert samarbeidsmodell mellom politi, bydel og skule. Målet er å gripe inn tidleg og gi ungdom tett og koordinert oppfølging. I Bydel Grorud har dei utvida målgruppa til å inkludere barn heilt ned i 12-årsalderen, fordi dei ser at ungdom kjem inn i kriminelle miljø stadig tidlegare.
76 ungdommar har fått oppfølging gjennom modellen, og dei fleste har kome ut av kriminelle miljø og tilbake til samfunnet. Modellen erkjenner at endringsarbeid tek tid, og at ungdom kan falle tilbake – men dei får ny oppfølging og støtte. I tillegg fortel foreldre at dei opplever tryggleik når dei ser at fleire instansar samarbeider og tek ansvar.
Fleirkulturell forståing
Bjørn Inge Espeland leier det forebyggende avsnitt ved politiet i Haugesund. Saman med kollega William Pavlic, deler han erfaringar frå Haugesund.
- I møte med dei familiane vi snakkar med, brukar eg ikkje omgrepet «negativ sosial kontroll». Dette fordi det vi kallar negativ sosial kontroll, eigentleg er ein positiv måte å oppdra barna på, i deira auge. Det er ein positiv kontroll av familiemedlemmene – fordi dei ønsker det beste for kvarandre. Dette er viktig å ha som utgangspunkt når vi snakkar med dei, seier Bjørn.

William fortel at det lokalt i Haugesund er mykje samanliknbart med det Hanne og Mahsa beskriv.
- Omfanget i Oslo er noko heilt anna – det har vi ikkje her. Men slik situasjonen er i Haugesund no, ser vi òg at det er viktig å ha fokus på ungdomane – og ikkje minst å ha ei fleirkulturell forståing, som jo er ein viktig del av tematikken her.

William har vidareutdanning ved Politihøgskulen innan fleirkulturelt samfunn, mangfald og konflikthandtering, og ser at dette blir meir og meir aktuelt.
- Fleirkulturell forståing er ein nøkkel i arbeidet med desse ungdommane. Det er ikkje noko ein skal kimse av. Kulturforståinga kan vi ha i politiet, i barnevernet og i skulen. Det er ein slags x-faktor som eg trur det er lurt å satse på i offentleg sektor framover, seier William.
Det går bra med dei fleste ungdommar
Hanne, Mahsa, Bjørn Inge og William er einige om at det er viktig å hugse at dei aller fleste ungdommar har det bra og ikkje driv med kriminalitet.
- Det snakkar vi mykje om i Oslo øst, at vi må passe på at vi ikkje blir fartsblinde. Det som pregar kvardagen vår, særleg i politiet, er at det er mykje elende og mange store, tunge saker. Men stort sett går det ganske bra – og det vil eg at vi tek med oss, seier Hanne.
- Vi må berre vere endå tettare på den lille promillen med ungdommar som er kriminelle, seier William.
- I Haugesund er vi i ein startfase der vi prøver å vere tidleg ute. Vi har mykje samarbeid med barnevern, skular, ungdomsklubbar og liknande. Vi har òg ungdomskoordinatorar. Det handlar om tillit og relasjon, og det tek vi i Haugesund på stort alvor. Vi er heilt avhengige av det.
Korleis kan vi førebygge at unge hamnar i kriminelle miljø?
Mahsa Sheikh har mastergrad i familie- og utviklingspsykologi og lang erfaring med førebyggande arbeid retta mot barn og unge. I dag arbeider ho ved skuletilbodet Ulven som sosialpedagogisk kriminalitetsrådgivar. Ho veit kva som skal til for å førebygge at unge hamnar i kriminelle miljø, og presenterer fem viktige punkt.

1. Meistringsarenaer utanfor dei tradisjonelle skulefaga
For å hindre at ungdom hamnar i kriminelle miljø, er det viktig å skape meistringsarenaer også utanfor dei tradisjonelle skulefaga; alternative skular, praktiske fag, arbeidslivsfag.
- Vi har hatt ungdomar som har jobba på verkstad, og så kome tilbake til skulen. Fått meistring der, og teke det med seg inn i klasserommet.
2. Alternative læringsmetodar
Bruk av spel, aktivitetar, interaktive øvingar der ungdomane får medverke i sitt eige liv.
– Ikkje berre «gå og lær, ha det». Det fungerer ikkje for alle.
3. Trygge vaksne med kulturell kompetanse
Det trengs trygge vaksne som forstår ungdommane sin verkelegheit. Nokon som ser og forstår utfordringane ungdom står i.
- Du treng ikkje ha vore ein del av det sjølv – du må ikkje vere kriminell for å forstå ein kriminell. Du kan seie: «Eg forstår at du står i ein vanskeleg situasjon. Eg skjønar at du slit med språket. Eg forstår at du har det vanskeleg heime. Men la oss prøve noko.»
4. Fokus på styrke og interesse
Fokus på ungdomen si styrke og interesse kan bidra til å bygge sjølvtillit og motivasjon.
- Kva er dei interesserte i? Musikk? Er dei flinke? Kanskje dei skal jobbe i studio. Vi kan hjelpe dei inn ein stad der dei får bruke det dei er gode på. Er dei praktisk anlagt? Kanskje dei skal begynne med sveising?
5. Bygge godt samarbeid mellom skule og heim
Å bygge eit godt samarbeid mellom skule og heim er kjempeviktig, fortel Mahsa.
- Ofte handlar skule–heim-samarbeidet om meldingar som: «Ahmed var veldig vanskeleg i dag. Klarte ikkje å følge med. Var frekk og uroa timen.» Foreldrene seier: «Eg har aldri fått ei melding heim om at barnet mitt har gjort noko bra. Aldri. Seks år, ti år på skulen – aldri ei positiv melding.»
Mahsa spør kvifor vi ikkje sender meldingar om dei positive tinga ungdommene gjer. Ho oppfordrar til å gjere det.
- Når du sender ei negativ melding, må du sende to gode òg. Vi må bygge ein kultur i skulen der vi vaksne tek ansvar for å snakke om det positive vi ser i eit menneske.
- Om eg konstant fortel deg kva som er gale med deg, vil du aldri klare å sjå det positive i deg sjølv. Og då vil ikkje heimen ha lyst til å ta telefonen når du ringer.

Om fagdagen dialog og utanforskap
Fagdagen var eit samarbeid mellom Rogaland fylkeskommune, RVTS Vest, Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDI) og Haugalandsnettverket. Haugalandsnettverket består av kommunane Haugesund, Vindafjord, Tysvær og Karmø.
Målgruppe for fagdagen var fagpersonar som jobbar med barn og unge vaksne med minoritets- og fleirkulturell bakgrunn; tilsette i skule, barnehage, helsestasjon og skulehelsetenest, BUP, barnevernstenesta, utekontakt, frivillige organisasjonar med fleire.
Relevant
Fagopplæring om førebygging av negativ sosial kontroll og æresrelatert vald