Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Dei fleste foreldre gjer så godt dei kan

Dei aller fleste foreldre ønsker det beste for barna sine, og dei gjer så godt dei kan.

Publisert 07.08.2025
Ei kvinne som kysser barnet sitt

Likevel kan foreldre av ulike grunnar handle på måtar som sviktar barnets behov eller utset det for risiko. Det å vere forelder er knytt til sterke følelsar – frå intens kjærleik til avmakt, frustrasjon og sinne.

Vi må snakke med foreldra

Randi Mossefinn er utdanna barnevernspedagog og klinisk spesialist i familieterapi, med vidareutdanning i traumebehandling for barn frå 0-6 år. Ho har lang erfaring med barn, unge og familiar i krevande situasjonar, særleg innan familievald. Ved RVTS Vest er ho rådgjevar i område barn og unge.

Sjå film kor Randi fortel om korleis vi kan snakke med foreldre dersom vi er bekymra for eit barn. I filmen får du også eit eksempel på foreldresamtale i ein barnehage.  

Trygg til handling

Filmen er ein del av Trygg til handling, ein digital ressurs for alle som jobbar med barn og unge.

Trygg til handling skal gi deg meir kunnskap om kva vald og seksuelle overgrep er, kva konsekvensar det har for barn og unge og korleis du kan snakke med dei du er bekymra for.

Programmet er enkelt å bruke, samtidig som den legg til rette for refleksjon og gruppearbeid. Ein treng ingen førkunnskap, og programmet passar til intern opplæring og kompetanseheving.