Forebyggingsforum 2026
Tid: 19. mai
Stad: Radisson SAS Bryggen / Digitalt
Tema for årets forebyggingsforum er korleis vi best kan hjelpe barn og unge med samansette vanskar.

Nokre ungdommar har åtferd som utfordrar dei som skal hjelpe. Det kan for eksempel vere ungdom som skadar seg sjølv, kjem med sjølvmordsutsegn, har sinneutbrot, er ute om natta eller som rusar seg.
– Dette kan gjere oss redde, usikre og kanskje sinte, seier Julie Andreassen. Ho er rådgjevar ved RVTS Vest og koordinator for Forebyggingsforum.
– Desse ungdommane har ofte samansette og komplekse vanskar, og kan vere vanskeleg å hjelpe.
Forebyggingsforum er ein årleg konferanse som vert arrangert av RVTS Vest, RKBU Vest, KORUS Bergen og KORUS Stavanger.
– Med årets Forebyggingsforum ønsker vi å forstå meir om kva samansette vanskar hos barn og unge handlar om. Ikkje minst vil vi bli klokare på kva vi saman kan gjere for å hjelpe, seier Julie.
– Samansette vanskar er ein måte å skildre at ein person har eit samansett symptombilete, seier Synnøve Teige. Ho er psykologspesialist ved RKBU Vest.
– Ofte har dei fleire ulike utfordringar samtidig. Dette kan vere vanskar på skulen, krevande heimesituasjon, psykiske vanskar og rus. Kombinasjonen av vanskane gjer situasjonen meir komplisert enn kvar enkelt vanske for seg, seier ho.

Kanskje er det redselen vår som gjer at vi tenker: «Dette må noko andre ta, eg kan ikkje nok om dette».
Offentlege rapportar viser at barn og unge med samansette behov ikkje får god nok hjelp på tvers av hjelpetenester.
– Kanskje er det redselen vår som gjer at vi tenker: «Dette må noko andre ta, eg kan ikkje nok om dette». Ofte blir dei kasteballar i systemet, og vanskelege å få til eit godt samarbeid rundt, fortel Julie.
– Vi må rett og slett få meir kunnskap om samansette vanskar og korleis vi kan jobbe meir på tvers, seier Janne Årstad, rådgjevar ved KORUS Stavanger. –Forebyggingsforum er eit bidrag til å lære meir om dette.
– Alle som jobbar i skulen, barneverntenesta, kommunal psykisk helse- og rusteneste og spesialisthelsetenesta møter desse ungdommane. Det seier Charlotte Gjessing, rådgjevar ved KORUS Bergen.
– For å kunne gje enno betre hjelp er det viktig med ei felles forståing. Vi har fått med dyktige fagfolk på programmet, og håper på mange påmeldte frå ulike tenester.