Arbeidsmiljølova med tydelege krav til psykososialt arbeidsmiljø
Verksemda di tener på å jobbe aktivt med det psykososiale arbeidsmiljøet. Hos RVTS Vest får du hjelp og støtte i dette arbeidet.

Den siste arbeidslivsundersøkinga frå Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) viser at mange rapporterer sjukefråvær som skuldast det psykososiale arbeidsmiljøet. Særleg utsette er arbeidstakarar i helse- og sosialsektoren.
Endringar i arbeidsmiljølova
Det kjem endringar i arbeidsmiljølova med tydelegare krav til det psykososiale arbeidsmiljøet (gjeldande frå 1. januar 2026).
For å få til eit godt arbeidsmiljø er det viktig å jobbe førebyggande. I følge endringane bør verksemder særleg arbeide med:
- uklare eller motstridande krav og forventningar
- emosjonelle krav og belastningar i arbeid med menneske
- arbeidsmengde og tidspress
- støtte og hjelp i arbeidet
Ivaretaking av medarbeidarar
Del 2 av Helsedirektoratet sin «Guide for ivaretakelse av pasienter, brukere, pårørende og medarbeidere ved uønskede hendelser» handlar om ivaretaking av medarbeidarar. Den tek til orde for å førebu medarbeidarar, allereie i løpet av studietida, på meistring av uønskte hendingar og bygging av ein kultur der ein forstår at feil skjer og må brukast til kvalitetsforbetring og læring. For å bygge ein slik kultur er psykologisk tryggleik sentralt.
I ein psykologisk trygg samanheng tør vi å seie kva vi meiner og tenker, komme med ubehageleg informasjon, erkjenne feil eller be om hjelp (Wennerberg, 2024).
RVTS Vest og Hjelp til hjelper-kompetanseheving
Ved RVTS Vest har vi ulike tilbod som kan bidra til å auke medvitet om, og gi verktøy til å jobbe med å betre det psykososiale arbeidsmiljøet.
For å ivareta medarbeidarar og bygge ein kultur for læring, må ein jobbe med arbeidsmiljøet i «fredstid». Det er alltid betre å førebygge enn å reparere. Eit godt arbeidsmiljø kan bidra til å førebygge sekundærtraumatisering, omsorgstrettleik, og at dei tilsette blir utbrente.
Vi har derfor utvikla ein nettressurs, samt ulike kurstilbod for å møte desse utfordringane.
Hjelp til hjelper (nettressurs)
Hjelp til hjelperen er for leiarar og hjelparar som opplever stress, utbrentheit og fatigue på sin arbeidsplass.
Hjelp til hjelper (dagskurs)
Kurset skildrar kva utbrentheit, sekundærtraumatisering og omsorgstrettleik er – risikofaktorar, reaksjonar og tiltak.
Leirbål (dagskurs)
Kollegaleirbål er ein metodikk utvikla ved Alternativ til Vold, og gir ein gjennomgang av kvifor og korleis bruke denne metodikken.
Helhetlig debriefing (to dagar)
Kurs i helhetlig debriefing er ei systematisk opplæring i korleis ein både kan ta vare på medarbeidarar gjennom avlastingssamtale når det er naudsynt, og metodikk for gjennomgang av hendinga med tanke på læring. Utvikla i luftforsvaret og består av fire fasettar:
- Avlasting og reorientering før læring
- Handlingsorientert læringsfokus
- Relasjonsorientert læringsfokus
- Sjølvforståing og utviklingssamtale
Metodikken i Helhetlig debriefing samsvarar med tilrådinga i Helsedirektoratet sin «Guide for ivaretakelse av pasienter, brukere, pårørende og medarbeidere ved uønskede hendelser».
Psykologisk tryggleik og ytringsklima (dagskurs)
Kurset tek føre seg kva som hemmer og fremmer psykologisk tryggleik og korleis ein konkret kan jobbe med dette og betre ytringsklimaet.
+ Prat (dagskurs)
+ Prat bygger på metodar som anerkjennande intervju og anerkjennande organisasjonsutvikling. Her fokuserer vi på å anerkjenne og styrke positive eigenskapar og ressursar. Kurset gir innføring i teoretisk forankring og praktisk øving i å leie gruppesamtalar med positivt fokus.
Overføring, motoverføring og spegelnevronar (dagskurs)
Kurset fokuserer på korleis forstå overføring og motoverføring, samt korleis spegelnevronar verkar på oss. Vidare korleis vi kan identifisere og regulere denne påverknaden for å førebygge utbrentheit, omsorgstrettleik og sekundærtraumatisering.
Interessert?

