Situasjonen i Iran - råd til berørte og tenester
Situasjonen i Iran berører oss alle.

Foto: Mehdi Salehi
Konflikt fleire stader
Vi anerkjenner òg at det pågår uro og væpna konfliktar i fleire delar av verda som berører menneske busette i Noreg, slik som den alvorlege situasjonen i Nordaust‑Syria dei siste vekene. Dei psykososiale råda under vil vere relevante uavhengig av kulturell bakgrunn, og kan vere til hjelp for alle som kjenner seg berørt.
Dei siste vekene har vi sett alvorlege rapportar om omfattande demonstrasjonar som blir møtte med vald. Det har også kome meldingar om mange drepne og fengsla.
Norske styresmakter har tydeleg fordømt den grove og uforholdsmessige maktbruken frå iranske styresmakter, og understrekar kor viktig det er å respektere grunnleggjande menneskerettar som ytrings- og forsamlingsfrihet.
Det er normalt å kjenne på bekymring når vener og familie ikkje kan kontaktast gjennom vanlege kommunikasjonskanalar.
For mange med tilknyting til Iran, anten gjennom familie, vener eller eiga bakgrunn – kan denne situasjonen vekke sterke kjensler av uro, sorg og maktesløyse.
Det er normalt å kjenne på bekymring når vener og familie ikkje kan kontaktast gjennom vanlege kommunikasjonskanalar, og det er naturleg å bli overvelda når ein ser bilete og høyrer historier om vald og undertrykking. Mange kjenner òg på stress knytt til uvissa rundt sine næraste, og kan føle seg delte mellom ønsket om å handle og behovet for å ta vare på seg sjølv.
Kva kan du gjere for å ivareta deg sjølv og familien din i ei slik tid?
- Tillat kjenslene dine. Det er naturleg å kjenne på sinne, irritasjon, sorg og frykt. Snakk med nokon du stoler på om det du opplever.
- Avgrens mengda informasjon. Følg med på nyheiter, men ta pauser frå sosiale medium og nyheitsstraumen for å unngå overbelastning. Sett gjerne av konkret tid til oppdatering, for eksempel følge med på to pålitelege kjelder i fem minutt kvar fjerde time.
- Ta vare på kroppen. Jamlege måltid og fysisk aktivitet kan bidra til å stabilisere stressnivået. Prøv å vere litt fysisk aktiv kvar dag. Små pauser gir energi til å handtere uvissa og stress over tid.
- Søk fellesskap. Del tankar og bekymringar med andre som forstår situasjonen. Fellesskap kan gi styrke og håp.
- Bruk profesjonell hjelp ved behov. Dersom uro og stress blir overveldande, ta kontakt med helsetenesta – til dømes fastlege, helsesjukepleiar eller bedriftshelseteneste, avhengig av kva som passar best for deg.
Ver ekstra oppmerksam på barna
Mange kan bli overvelda av dei vanskelege kjenslene dei sjølve står i, og då kan det vere krevande å finne dei rette orda når ein skal snakke med barn og unge om det som skjer. Det er heller ikkje uvanleg at familiar blir tause om det som skjer i heimlandet, både for å verne barna og fordi dei vaksne sjølve strevar med sterke reaksjonar. Likevel er det tilrådd å vere så ærleg, konkret og alderstilpassa som mogleg om både situasjonen i heimlandet og eigne kjensler.
Når det gjeld barn spesielt:
Barn merkar uansett at noko er gale – anten gjennom stemningar, endringar i åtferda til dei vaksne eller brudd i rutinar. Når informasjon manglar, kan barn fylle tomrommet med eigne fantasiar som ofte er verre enn verkelegheita. Å gje barna enkel, trygg og forståeleg informasjon, og invitere dei til å stille spørsmål, er difor viktig for å redusere uro og hjelpe dei til å kjenne seg trygge.
Til deg som jobbar med menneske med iransk bakgrunn – som lærar, kollega eller i helse- og omsorgstenester:
- Ver oppmerksam på at situasjonen kan påverke dei sterkt, sjølv om dei ikkje viser det.
- Det kan bety mykje å vise varme og støtte – ei enkel «Korleis går det?» kan gjere ein stor forskjell.
- Mange vegrar seg for å dele kjensler, men å bli møtt med forståing og openheit kan gi tryggleik og redusere opplevinga av isolasjon.
- Ei lita oppmerksemd, som ein blome eller sjokolade, kan òg vere ein fin måte å vise omtanke på.
- Dersom du har mange kollegaer med iransk bakgrunn på arbeidsplassen – for eksempel ved eit universitet eller i industrien – kan leiar ta ansvar for å skape trygge rom der tilsette med same kulturelle bakgrunn kan møtast og støtte kvarandre. Dette kan bidra til fellesskap og redusere kjensla av einsamheit.
RVTS Vest kan bistå fagpersonar med råd og rettleiing.
Kontakt
Relatert
Hvordan snakke med barn om krig og terror? (psykososialberedskap.no)