20. juni er verdensdagen for flyktningar
Menneske på flukt må møtast med tryggleik, forståing og som medmenneske.
Verdensdagen for flyktningar blir markert kvart år den 20. juni. Dagen blei etablert av FN i 2000 for å heidre menneske som er tvungne på flukt, og for å skape global merksemd rundt deira situasjon.
Menneske har flykta frå krig, konflikt, forfølging og uro så lenge vi kjenner mennesket si historie. I dag lever millionar av menneske på flukt – både internt i eigne land og over landegrenser. Mange har opplevd tap, uvisse, brot i relasjonar og krevjande livshendingar.

Møt menneske med respekt, nysgjerrigheit og vér eit medmenneske.
Når du møter menneske på flukt, er det viktig å:
- sjå mennesket bak kategoriane og unngå generaliseringar
- ikkje gløyme at flyktningar har ulike historier, erfaringar, ressursar og behov
- møte menneske med respekt, nysgjerrigheit og vere eit medmenneske
- hugse at trygge fagpersonar skapar tryggleik, tillit og relasjonar
- forsøke å forstå mennesket si livssituasjon og erfaringar
- samarbeide med kollegaer og andre tenester for å møte behov på ein heilskapleg måte
Kunnskap om migrasjon, traumeforståing, kultursensitivitet og relasjonsarbeid kan bidra til tryggare møte – både for menneske på flukt og for fagpersonar som står i arbeidet over tid.
Ressursar i arbeid med flyktningar (flykting.net)
I ressursportalen flyktning.net finn du mange ressursar som kan vere nyttige for tenester, fagpersonar og frivillige som møter menneske med fluktbakgrunn.