Papagenoprisen
Papagenoprisen er ein nasjonal medie- og formidlingspris som skal gå til ansvarleg og etisk formidling om sjølvmord og livskriser.
Sentralen
Øvre Slottsgate 3
0157 Oslo
Frist for påmelding: 01. sep. 2026
PåmeldingsskjemaI samband med Verdsdagen for sjølvmordsførebygging inviterer RVTS og LEVE til ein kveld om formidlingsansvar og livreddande historier. Kvelden markerer den første utdelinga av Papagenoprisen – ein ny nasjonal medie- og formidlingspris som løftar fram journalistikk, medieproduksjonar og kunst- og kulturuttrykk som gir håp og styrker trygge samtalar om sjølvmord.
Kvelden opnar med ei framføring av Papageno-arien frå Mozarts Tryllefløyta, etterfølgt av eit program som utforskar Werther-effekten og Papageno-effekten gjennom eksempel frå litteratur, film, musikk og seriar.
Deretter blir det panelsamtale om handlingsrommet: Kva kan kunst og media seie om sjølvmord – og korleis?
Panelsamtalen vert leia av Reidun Kjelling Nybø, generalsekretær i Norsk redaktørforening.
Kvelden blir avslutta med den høgtidelege overrekkinga av Papagenoprisen 2026.
Prisen vert delt ut av Lubna Jaffery, kultur- og likestillingsminister.


Foto: Fenomen/Max Emanuelson

Foto: Kristoffer Myhre

Foto: Cappelen Damm / Blunderbuss / Anna-Julia granberg



Foto: Ilja C. Hendel/KUD

Arrangementet er gratis og ope for alle. Dørene opnar 17.30.