Vi bruker informasjonskapslar
Vi bruker informasjonskapslar for at nettsidene våre skal fungere.
Les meir om informasjonskapslane våre
Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo rvts vest

TryggEst: Kompetanse og gode tiltak i møte med rus

Regional TryggEst-konferanse i Vest 2025

Passert
12.
juni
2025
2 dagar
  1. 12. juni 2025, 11:30 - 15:45
  2. 13. juni 2025, 09:00 - 14:00

Tid og stad

Når

  1. 12. juni 2025, 11:30 - 15:45
  2. 13. juni 2025, 09:00 - 14:00

Kvar

Sola Kulturhus
Kongshaugvegen 32
4050 Sola

Påmelding

Frist for påmelding: 15. mai 2025
Ein mann som held eit glas med brennevin. Ei hand held han på skuldra.

 

Info om konferansen:

TryggEst er ein kommunal modell for vern av risikoutsette vaksne som blir utsette for vald, overgrep og utnytting.

Målgruppe:

Målgruppa er vaksne som er i sårbare livssituasjonar, bl.a. eldre, menneske med nedsett funksjonsevne og menneske i aktiv rus. Fleire kommunar har tatt i bruk TryggEst-modellen eller vedtatt å starte opp med TryggEst.

Det overordna temaet for denne konferansen er rus. Innhaldet i konferansen er variert med både faglege innlegg og erfaringsdeling. Temaene spenner seg frå teoretiske aspekt til praktiske tilnærmingar.

Kor og når:

Konferansen er ei utvida lunsj til lunsj-samling, og blir halden ved Sola kulturhus, Kongshaugvegen 32, 4050 Sola.

12. juni oppstart med lunsj kl. 11.30. Program slutt kl. 16.00. 13. juni oppstart kl. 09.00, avsluttast med lunsj kl. 13.00.

Deltaking er gratis. Påmelding er bindande.

Praktisk

Det blir felles middag for konferansedeltakarar 12. juni kl. 19.00 ved Scandic Stavanger Airport. Huk av om du skal delta på middag i registreringa.

  • Vi har reservert hotellrom på Scandic Stavanger Airport og vi anbefaler at de bestiller overnatting der. Det går lokalbuss frå Scandic Stavanger Airport til Sola kulturhus.

  • Deltakarane, eller deltakarane sine kommunar, må sjølve betale for reise og overnatting og fakturere Bufdir for dette.

Fakturaadresse:

Barne-, ungdoms og familiedirektoratet

Fakturamottak DFØ
Postboks 4738 Torgarden
7468 Trondheim
Faktura ref 3600jikri
Organisasjonsnummer (elektronisk faktura) 986 128 433

Kvar kommune kan sende faktura for inntil to deltakarar for reise og opphald.

Til sjølve konferansen kan kvar kommune sende fleire deltakarar, men må då sjølv dekkje reise og opphald. Tilskotsmidlar frå Bufdir kan brukast til å dekkje utgiftene.

Om ein kommune ikkje har TryggEst, men vil bruke konferansen for å vurdere å starte opp med TryggEst, så gjeld dei same føresetnadene for dekking av utgifter som for ein TryggEst-kommune.

Dag 1: kl. 11:30-15:45:

11.30-12.30: Lunsj

12.30-12.45: Opning av konferansen

12.45-13.45: Rus og vald, Randi Mossefin, RVTS vest

13.45-14.00: Pause

14.00-14.45: Eldre og rus, Bjørn Roar Vagle, seniorrådgjevar, KORUS Stavanger

14.45-15.00: Pause

15.00-15.45: Korleis jobbar politiet med førebygging av partnarvald og æresrelatert vald ved Janne Moland, teamleiar RISK, Sandnes politistasjon, Sør-Vest politidistrikt

Konferansemiddag kl. 19.00

Dag 2: kl. 09:00-14:00:

09.00-09.30: Status nasjonalt/regionalt, John Ingvard Kristiansen, Bufdir

09.30-10.20: Utnytting og menneskehandel i rusmiljøa ved Line Ruud Vollebæk, spesialrådgjevar RVTS Øst

10.20-10.45: Pause

10.45-11.30: Korleis politiet avdekkjer og førebyggjer vald i nære relasjonar, Norunn Byrknes, politioverbetjent Sør-Vest politidistrikt

11.30-12.30: Kva gjer vi med det? Integrert behandling av rus og vald,  Sanne Bach, psykologspesialist RVTS vest

12.30-13.00: Avslutning

13.00-14.00: Lunsj

Kontakt

Inger Sigfridsson.

Inger Solveig Sigfridsson

Cand. polit i sosialantropologi

insigf@helse-bergen.no 41869891