Vi bruker informasjonskapslar
Vi bruker informasjonskapslar for at nettsidene våre skal fungere.
Les meir om informasjonskapslane våre
Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo rvts vest

Meistrings- og stabiliseringskurs

Kompetanseprogram for kommunen om korleis drive meistrings- og stabiliseringskurs.

24.
september
2025
2 dagar
  1. 24. sep. 2025, 09:00 - 15:00
  2. 25. sep. 2025, 09:00 - 15:00

Tid og stad

Når

  1. 24. sep. 2025, 09:00 - 15:00
  2. 25. sep. 2025, 09:00 - 15:00

Påmelding

Frist for påmelding: 07. mai 2025

Tema

Målsettinga med å tilby dette programmet er både å auke den generelle kompetansen i kommunane i forhold til traumer, og at det blir sett i gang grupper på kommunalt nivå. Det er derfor viktig at deltaking på kurset er forankra i leiinga og at det ligg føre ein plan for korleis konkret leggje til rette for å etablere ei slik gruppe.

Kunnskap

Kompetanseprogrammet gir deltakarane generell kunnskap om traumelidingar og traumesymptom samt kunnskap om verktøy for å handtere desse. Kunne leie og gjennomføre grupper der fokus ikkje er på sjølve den traumatiske hendinga, men på auka forståing og betre handtering av traumesymptom, samt auke gruppedeltakarane si meistring og livskvalitet i kvardagen.

Kurset vil belyse følgjande tema:

  • Generell kunnskap om traumer og traumereaksjonar
  • Kva er traumebehandling?
  • Kven eignar seg for eit slikt gruppetilbod – kartlegging og seleksjon
  • Grupper og gruppeprosessar
  • Psykoedukasjon
  • Verktøy for regulering og mindfulness for traumeutsette
  • Triggarar og handtering av triggarar
  • Traumer og kropp
  • Overføring og motoverføring
  • Korleis ivareta seg sjølv som hjelpar

Målgruppe

Tilsette i kommune, krisesenter og NOK-senter som ønskjer å starte grupper for personar over 18 år med traumesymptom.

For å kunne delta må ein forplikte seg til å vidare drive grupper for traumeutsette.

Det er derfor viktig at det deltek 2-3 frå same arbeidsstad som kan drive grupper saman, eventuelt tenkje interkommunalt samarbeid.

Pris

Egenandel kr 4 500,00

Andre datoar

  1. Passert
  2. Passert