Tid og stad
Når
- 14. mai 2025, 09:00 - 15:00
Påmelding
Kort om undervisningstilbodet
PROFESOR er meint brukt ved planlegging av intervensjonar, for å hjelpe den unge til ei betre seksuell og relasjonell helse, og på den måten førebygge tilbakefall av grenseoverskridande seksuell åtferd.
Kanadiske Dr. James Worling har utvikla PROFESOR. Verktøyet er omsett til norsk i samarbeid med Worling, Ressursenheten V27 ved Betanien sjukehus og RVTS Vest.
Webinaret vil kunne sette deltakarane i stand til å bruke PROFESOR i sitt arbeid. PROFESOR er gratis og fritt tilgjengeleg for bruk og nedlasting.
På webinaret vert det ei systematisk gjennomgang av bakgrunn og bruk av verktøyet. Det vert lagt til rette for dialog. I løpet av webinaret er det sett av tid til å diskutere med sidemann eller i ei lita gruppe. RVTS Vest anbefaler å melde seg på saman med ein kollega, sidan det er viktig å ha ein person å trene saman med.
Kva lærer du?
- Bakgrunn for utvikling av verktøyet
- Målgruppe og bruksområde
- Gjennomgang av beskyttande faktorar og risikofaktorar ved bruk av kasuseksempler
- Skåring og handtering av resultat frå kartlegginga
- Vegen vidare
Etter webinaret vil du:
- Ha god kjennskap til PROFESOR.
- Kunne bruke PROFESOR som eit utgreiingsverktøy, kartleggingsverktøy og som sjekkliste.
- Kunne bruke PROFESOR i planlegging av tiltak, støtte, tryggleiksplanar og behandling.
- Hjelpe kollegaer og andre til å bruke verktøyet.
- Kunne bruke PROFESOR som hjelpemiddel i samrådsmøter og rettleiingsmøter.
Målgruppe
Barnevernteneste, Bufetat, Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), Kriminalomsorg, Konfliktråd, Barnehus, Habiliteringsteneste med mer.
Pris
Deltaking på webinaret er gratis.
Viktig å vite
Fagpersonar som har basiskunnskap om barn og unge som har utført grenseoverskridande seksuelle handlingar. Det er ein fordel med erfaring i bruk av kartleggingsverktøy.
Bruk av PROFESOR føreset:
- Kunnskap om barns utvikling
- Erfaring med målgruppa
- Erfaring med bruk av kartleggingsverktøy
- Vilje til å øve