Vi bruker informasjonskapslar
Vi bruker informasjonskapslar for at nettsidene våre skal fungere.
Les meir om informasjonskapslane våre
Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo rvts vest

Fredagsfokus: Traumer og identitet

Korleis kan traume påverke vår identitet på lang sikt?

Passert
6.
juni
2025
  1. 06. juni 2025, 08:30 - 09:15
Gå til direktesending

Tid og stad

Når

  1. 06. juni 2025, 08:30 - 09:15

Gå til direktesending

Viser teksten Fredagsfokus og logoen til RVTS Vest
Fredagsfokus er 45 minutt direktesending, ein fredag kvar månad.

I denne episoden av Fredagsfokus diskuterer vi korleis tidlege, traumatiske erfaringar påverkar vår forståing av oss sjølv, våre relasjonar og korleis vi navigerer i livet.

Vi ser nærare på korleis traume kan kome til uttrykk i våre liv, og korleis vi kan forstå og bearbeide dei.

I panelet denne gongen har vi med oss Johanne Rogndal, psykolog og forfattar av boka Instukid. Ho skal deler sine erfaringar og innsikter rundt korleis traume kan forme oss på uventa måtar. 

Johanne skal også halde innlegg på Septemberkonferansen i Bergen den 4.-5. september, der ho dykker djupare i temaet traume og identitet.

I tillegg til Johanne, har vi med oss Randi Mossefinn (klinisk spesialist i familieterapi, tidlegare Alternativ til Vold, no RVTS Vest), Inger Solveig Sigfridsson (cand. polit i sosialantropologi, RVTS Vest) og Steinar Hvål (psykologspesialist, RVTS Vest).

Sendinga går live på Facebook og på RVTS Vest si nettside.