Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Forebyggingsforum 2026

Tema for årets Forebyggingsforum er barn og unge med samansette vanskar.

19.
mai
2026
  1. 19. mai 2026, 09:00 - 16:00
Påmelding

Tid og stad

Når
  1. 19. mai 2026, 09:00 - 16:00
Kvar

Radisson SAS Bryggen

Dreggsallmenningen 1

5003 Bergen

Påmelding

Frist for påmelding: 05. mai 2026

Påmeldingsskjema

Om årets tema: 

Tema for årets forebyggingsforum er korleis vi best kan hjelpe barn og unge med samansette vanskar.  

Nokre ungdommar har åtferd som utfordrar dei som skal hjelpe. Det kan for eksempel vere ungdom som skader seg sjølv, kjem med sjølvmordsutsegn, har sinneutbrot, er ute om natta eller som rusar seg.   

Samansette vanskar er ein måte å skildre at ein person har eit samansett symptombilete. Ofte har dei fleire ulike utfordringar samtidig. Dette kan vere vanskar på skulen, krevjande heimesituasjon, psykiske vanskar og rus. Kombinasjonen av vanskane gjer situasjonen meir komplisert enn kvar enkelt vanske for seg. 

Les intervju med fagkomiteeen for Forebyggingsforum 2026

Vi har invitert både forskarar, fagekspertar og erfaringsstemmer innanfor temaet. Sjå lenger ned på sida.

En ung mann og et lite barn
Barn og unge med samansette vanskar

Forebyggingsforum vert arrangert av RKBU Vest, RVTS Vest, KORUS Bergen og KORUS Stavanger.

Bekrefta foredragshaldarar:

Tormod Stangeland

Tormod Stangeland

Foto: Kompetansebroen

Psykologspesialist og rådgjevar,  Akershus universitetssykehus

Tittel på foredrag:

Utrygge barn og urolige hjelpere: Om følelsesreaksjoner i risikovurdering

Tormod er psykologspesialist ved ungdomspsykiatrisk klinikk og spesialrådgivar i sjølvmordsførebygging ved Akershus universitetssykehus (Ahus). Han er opptatt av ungdom som bruker sjølvmordstankar og sjølvskading for å kontrollere sterke følelsar. Slike situasjonar vekkjer følelsesreaksjonar òg hos hjelparane, som i verste fall kan stå i vegen for å hjelpe ungdommane med å meistre vanskane sine.

Kirsti Skogsholm

Kirsti Skogsholm

Foto: Noiva photography

Mammaen til tvillingene Mina og Mille, og grunnleggar og styreleiar i "Mina & Mille-stiftelsen".

Tittel på foredrag:

Sånne som oss

Kirsti opplevde ein kvar forelder sitt største mareritt. Døtrene hennar gjekk frå å vere to velfungerande jenter, til å utvikle ei alvorleg spiseforstyrring. Den nye kvardagen vart prega av sjølvmordsforsøk, rus og ei konstant redsle for kva som kunne skje. 

Januar 2023 døyr Mina og Mille.

Attende sit Kirsti åleine. No bestemmer ho seg for at ho vil dele historia si – slik at samfunnet, politikarar og alle andre får høyre kva som faktisk skjer. Ho får raskt ei stemme. Ho blir lytta til, og ho blir invitert til både store og små konferansar. Ho reiser seg frå den djupaste sorgen, og gjer dette til sin viktigaste kamp.

 

Dag Nordanger

Dag Nordanger

Foto: RVTS Vest

dr. Psychol / psykologspesialist ved RVTS Vest og OsloMet

Dag har brei kompetanse når det gjeld traumer, både som psykologspesialist og forskar. Dag er oppteken av, og har skrive fleire artiklar om utviklingstraumer – korleis vonde omsorgserfaringar pregar barn si utvikling, og korleis ein kan oppdage, forstå og hjelpe dei som har slike erfaringar. Han har vunne prisar for si formidling.

Line Brotnow Decker

Line Brotnow Decker

Nasjonalt kompetansesenter for rus- og avhengighetslidelser, alvorlige samtidige lidelser og personlighetsforstyrrelser (NRAPP) 

Tittel på foredrag:

Alvorlige og sammensatte vansker hos unge i lys av personlighetsfungering - stigmatiserende merkelapp eller en nyttig, transdiagnostisk* forståelsesramme?

Line introduserer personlighetsfungering som eit transdiagnostisk rammeverk for å forstå og støtte ungdom med alvorlege og samansette vanskar. Ho vil fokusere på kva som kjenneteiknar problem med personlighetsfungering hos desse ungdommane. Ho vil snakke om kvifor det er relevant å oppdage desse vanskane og korleis språket vi bruker for å beskrive dei, kan hindre eller legge til rette for samarbeid med ungdom, familiar og kollegaer.

*på tvers av fleire diagnosar

Ingeborg Ulltveit-Moe Eikenæs

Ingeborg Ulltveit-Moe Eikenæs

Leder for Nasjonalt kompetansesenter for rus- og avhengighetslidelser, alvorlige samtidige lidelser og personlighetsforstyrrelser (NRAPP) 

Tittel på foredrag:

Ny nasjonal, klinisk retningslinje for oppdagelse, utredning og behandling av personlighetsforstyrrelser: relevans for arbeid med barn og unge i førstelinjen

Ingeborg presenterer bakgrunnen for den nye retningslinja og kva ein vil måtte forhalde seg til når ein arbeider med ungdom i førstelinja. Ingeborg og Line drøftar deretter utfordringar og moglegheiter knytte til oppdaging, ivaretaking og samarbeid om ungdom med personlegdomsvanskar i førstelinja, med innspel frå salen.

Eirinn Hesvik Ljones

Eirinn Hesvik Ljones

Foto: Christina Hauge

Tittel på foredrag:

Samarbeid til barnets beste: kan kunnskapsmodellen Barns behov i sentrum være et nyttig verktøy for samarbeid?

Eirinn Hesvik Ljones er forskar ved Regionalt kunnskapssenter for barn og unge (RKBU) Vest i NORCE. Ho har ei bachelorgrad i psykologi og ei mastergrad i barnevern.

I tillegg til forskning har Eirinn jobba som miljøterapeut i bofellesskap for einslege mindreårige flyktningar og i kommunalt barnevern.

 

Pris:

690,- (for både fysisk og digital deltaking)

 

Om Forebyggingsforum

Forebyggingsforum er ein årleg konferanse med mål om å auke kunnskapen om førebygging av sjølvmord og sjølvskading hos barn og unge. Samarbeid mellom RVTS Vest, RKBU Vest, Korus Bergen og Korus Stavanger.

 

Praktiske spørsmål?