Meistrings- og stabiliseringsgrupper
Kompetanseprogram for kommunen om korleis drive meistrings- og stabiliseringsgrupper.
Kort om kompetanseprogrammet
- Målsettinga med kompetanseprogrammet er å gi deltakarane generell kunnskap om traumelidingar og traumesymptom, samt kunnskap om verktøy for å handtere desse.
- Vidare korleis drive slike grupper med fokus på psykoedukasjon og meistring av traumesymptom samt betra fungering i kvardagen.
Programmet går over tre samlingar, kvar på to heile dagar med teori og prakiske øvingar.
Etter gjennomført program
- Deltakarane skal kunne leie og gjennomføre grupper der fokus ikkje er på sjølve den traumatiske hendinga, men på auka forståing og betre handtering av traumesymptom
- Deltakarane skal kunne auke gruppedeltakarane si meistring og livskvalitet i kvardagen
- Deltakarane skal kunne gi gruppetilbod tilpassa si brukargruppe og i eit omfang og tidsramme som er mogleg å gjennomføre på det enkelte arbeidsstad.
- Månadleg rettleiing frå RVTS Vest i eitt år, til deltakarane som har gjennomført opplæringa og som har starta gruppe. Rettleiinga vil vere mogleg å delta på både fysisk og på Teams.
For deltakarar frå små kommunar kan det vere hensiktsmessig med interkommunalt samarbeid, eller samarbeid mellom ulike einingar i same kommune.
Kva lærer du?
- Generell kunnskap om traumer og traumereaksjonar
- Kva er traumebehandling?
- Kven eignar seg for eit slikt gruppetilbod - kartlegging og seleksjon
- Grupper og gruppeprosessar
- Psykoedukasjon
- Verktøy for regulering og mindfulness for traumeutsette
- Triggarar og handtering av triggarar
- Traumer og kropp
- Overføring og motoverføring
- Korleis ivareta seg sjølv som hjelpar
Målgruppe
Programmet er primært for tilsette i kommunen, krisesentra og NOK-sentra som ønskjer å starte grupper for personar over 18 år som har traumesymptom, men tilsette i andre delar av hjelpeapparatet er også velkomne til å delta.
Viktig å vite
For å kunne delta i kompetanseprogrammet må ein forplikte seg til å vidare drive grupper for traumeutsette. Det er derfor viktig at det deltar 2-3 frå same arbeidsstad som kan drive grupper saman, evt. tenke interkommunalt samarbeid.
Kjekt å vite
Deltakarar frå Nok-senteret i Bergen, alle krisesentra i Vest og Hannas hus, gjennomførte programmet som blei avslutta februar 2025. Ved krisesenteret i Sogn og Fjordane starta dei opp gruppe i februar 2025 og Stavanger planlegg oppstart av gruppe hausten 2025.
- Meistrings- og stabiliseringskurs
Ny runde med kompetanseprogrammet i mai 2025!
- 18. desember 2024Korleis drive grupper for menneske utsett for traume?
Eit kompetanseprogram om korleis drive meistrings- og stabiliseringsgrupper for menneske med traumesymptom er under pilotering.