Vi bruker informasjonskapslar
Vi bruker informasjonskapslar for at nettsidene våre skal fungere.
Les meir om informasjonskapslane våre
Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo rvts vest

Kompetanseutvikling rus og vald

Eit kompetanseprogram for helseinstitusjonar som møter pasientar eller brukarar med rus- og valdproblematikk.

Illustrasjonsbilete av ein fyr som ser på eit bord med rusmiddel på.

Illustrasjon: Rus og vold

Tilgjengeleg på førespurnad

Undervisningstilbodet er tilgjengelegførespurnad, og kan tilpassast di teneste.

Kort om kompetanseprogrammet

Saman med KORUS Bergen og KORUS Stavanger tilbyr RVTS Vest Kompetanseutvikling rus og vold.

Programmet består av 6 moduler:

  1. Grunnmodulen
  2. MI-modul
  3. Modul med basiskartlegging
  4. Modul om anabole androgene steroider
  5. Modul om integrert behandling av rus og vald
  6. VR-modulen

Kompetanseprogrammet er ei blanding av e-læring og fysiske modular.

Det er 2 modulr som er rein e-læring og 4 modular med fysisk oppmøte. Totalt fysisk oppmøte er 5,5 arbeidsdagar. Siste fysiske samlinga består av opplæring ved hjelp av VR-simulering.

Kva lærer du?

Deltakarar blir tryggare på å snakke med pasientar og brukarar om rus og vald, og dei får verktøy til å jobbe integrert med begge tema.

Målgruppe

Tilsette og leiarar ved helseinstansar som møter pasientar eller brukarar som har utfordringar med rus og utageringsproblematikk. Dette gjeld både for førstelinje og andrelinje. Tilbodet kan òg vere aktuelt for ideelle organisasjonar og frivillige som møter same målgruppa.

Tidligere har to avdelingar innan AFR og to DPS FACT-team delteke i opplæringa, samt kommunale oppfølgingsteam ved dei to DPS. Vidare har Funkishuset i Sandnes og Mestringseininga i Sandnes kommune delteke. Det har vore ca. 90 tilsette som har delteke på opplæringa.

Kjekt å vite

Klikk her for tips til implementering, dersom du er leiar.

Klikk her for å høyre om erfaringar frå tidlegare deltakarar.

Sist oppdatert 22.04.2025