Vi bruker informasjonskapslar
Vi bruker informasjonskapslar for at nettsidene våre skal fungere.
Les meir om informasjonskapslane våre
Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo rvts vest

Eit trygt og kompetent mottak

Kompetanseprogram for tilsette i ordinære asylmottak med einslege mindreårige asylsøkjarar (EMA) og følgjepersonar.

Eit par menn som ler

Kort om undervisningstilbodet

Programmet er ei vidareutvikling av «Ein god midlertidig heim», og er tilpassa ordinære mottak der både tilsette som arbeider med einslege mindreårige asylsøkjarar, følgjepersonar og vaksne bebuarar skal inkluderast.

Kva lærer du?

Kompetanseprogrammet gir deg verktøy og kunnskap for å styrkje arbeidet med asylsøkjarar og flyktningar – både barn, ungdom og vaksne.

Du får innsikt i eigne ressursar og teamdynamikk, grunnleggande traumeforståing og traumebevisst omsorg i eit migrasjonsperspektiv.

Programmet gir òg opplæring i narrativ praksis, kollegastøtte og sjølvivaretaking, samt konkrete metodar og verktøy for å styrkje identitet og meistring hos bebuarane.

Til slutt får du opplæring i sjølvmordsførebygging og psykisk helse i mottak, gjennom VIVAT-kurset Førsjehjelp ved sjølvmordsfare.

Undervisninga kombinerer teori, refleksjonsøvingar, gruppearbeid og caseoppgåver.

Målgruppe

Tilsette i ordinære asylmottak og i ordinære asylmottak med einslege mindreårige asylsøkjarar (EMA) med følgjepersonar.

Kontakt

En person med langt hår

Valeria Markova

PhD, psykologspesialist i arbeidspsykologi

mval@helse-bergen.no 40813785

 

 

Sist oppdatert 05.06.2025