Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Utforming av planen
Ein kommunal handlingsplan om sjølvskading og sjølvmord bør ha førebyggjande tiltak for innbyggjarane i kommunen, og samstundes ha tiltak retta mot pårørande og etterlatne/andre som er råka etter sjølvmord.
Før du går i gang
Lag ein realistisk handlingsplan
Ein god handlingsplan treng ikkje innehalde mange nye tiltak. Det kan vere like viktig å samle og følgje opp tiltak som allereie finst.
Få, konkrete tiltak som blir gjennomførte, er betre enn mange som blir ståande på papiret.
Lag planen i samarbeid med relevante fagmiljø og samarbeidspartnarar i kommunen. Vurder kva de gjer i dag, korleis de kan samarbeide betre, og kven som skal ha ansvar for kvart tiltak.
Malen hjelper kommunen med å sjå sjølvmordsførebygging i samanheng og tilpasse arbeidet til lokale behov og nasjonale føringar. Samarbeid med nabokommunar kan òg vere nyttig.
Må vi ha ein plan for alt?
Vurder om kommunen treng ein eigen handlingsplan for sjølvmordsførebygging, eller om tiltaka kan inngå i ein overordna kommunal plan, til dømes folkehelseplanen.
Mal for utforming av: Kommunal plan om sjølvskading og sjølvmordsførebygging
Kommunen skal førebyggje, utforske og følgje opp sjølvskading og sjølvmordstematikk. Ansvaret inngår som ein del av kommunen sitt sørgje-for-ansvar for eigne innbyggjarar, etter helse- og omsorgstenestelova, kapittel 3.
Kommunale eller interkommunale handlingsplanar for førebygging av sjølvskading og sjølvmord skal:
sørgje for god fagleg førebygging av sjølvskading og sjølvmord i eit folkehelseperspektiv.
sørgje for at kunnskapsnivået hos dei tilsette blir styrkt, og at samarbeidet mellom faggrupper, sektorar og forvaltningsnivå blir vidareutvikla.
sørgje for at kommunen har merksemd på førebygging, behandling og oppfølging.
sørgje for at etterlatne og berørte får eit tilrettelagt og heilskapleg tilbod.
strukturere tiltak og samordne tenester som møter menneske som sjølvskader eller er i sjølvmordsfare.
Kjenneteikn ved kommunen og innbyggjarane. Finst det eventuelle sårbarheitsfaktorar i kommunen? Legg inn resultat frå arbeidet de gjorde i:
Kartlegge ressurspersonar. Kva miljø/fagpersonar har særskild kompetanse innan førebygging, sjølvskading og sjølvmord?
Skildre tiltaksområde
Tiltaka kan strukturerast på ulike måtar i planen for å skape oversikt:
Tiltak retta mot: alle – nokre
Tiltak retta mot ulike grupper
Store tiltak – små tiltak
Tiltak med kort eller lang varigheit
Du finn mange døme på tiltak frå andre kommunale handlingsplanar under Ressurar.
Ansvarsfordeling:
Skildre kven som har ansvar for dei ulike tiltaka i planen.
Koordineringsgruppe:
Opprett ei tverrfagleg gruppe som følgjer opp planen og bidreg til samarbeid mellom aktørar. Det beste er om ressursgruppa (eller delar av ho) som har vore med og utarbeidd tiltaka, også deltek i gjennomføringa.
Ressursar:
Vurder ressursbehovet, og søk eventuelt om midlar i kommunen sitt budsjett til dei ulike tiltaka.
Utarbeid:
strategi for å informere innbyggjarane om tiltak og tilgjengelege ressursar (t.d. på kommunen sine nettsider)
strategi for å informere nøkkelpersonell om tiltak og ressursar (t.d. fastlegar, tilsette i psykisk helse, skule/barnehage o.l.)
Skildre ønskte mål:
Alle tiltak bør utformast slik at dei er målbare.
For eksempel: auke bruken av lågterskeltilbod, auke kompetansen om sjølvmordsførebygging i kommunen.
Skildre planlagd rapportering:
Fastset rutinar for rapportering av status og resultat (t.d. årleg rapport til kommunestyret), og kven som har ansvar for arbeidet.
Skildre tidspunkt for revisjon:
For eksempel: planen skal evaluerast og reviderast kvart andre år, eller ved behov.
Alarmtelefonen for barn og unge: 116 111
Kirkens SOS: 22 40 00 40
Mental Helse: 116 123
Legevakt:
Lokale kriseteam:
Annan relevant regional/lokal hjelp og støtte
Kartlegging av eksisterande ressursar
Referansar til nasjonale og lokale strategiar
Kontaktliste over ansvarlege instansar
Eksempel på kommunale handlingsplanar
Finn eksempel på kommunale/interkommunale planar for store, mellomstore og små kommunar. Her kan du la deg inspirere av ulike tiltak, uavhengig av planen sin storleik.