Ein god måte å gjere dette på, er å lage ein handlingsplan med konkrete tiltak.
Både dei menneskelege og økonomiske konsekvensane er svært store når sjølvmord skjer. Difor er det tilrådd å lage ein eigen kommunal handlingsplan for førebygging av sjølvmord og sjølvskading i forkant. Denne må gjerast kjent, slik at kommunen i større grad kan jobbe med førebygging. Eit mål med ein kommunal plan vil vere å samordne dei ulike tenestene som møter menneske med sjølvmordsåtferd.
Sist oppdatert 29.01.2026
