Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Ein liten gut som klemmer mora si

Å komme i gang

Gode prosessar har god struktur. Planen bør forankrast på høgaste nivå i kommunen, og ha dedikerte deltakarar i planutviklinga.

Initiativet bak ein handlingsplan kan vere politisk, administrativt, fagleg eller kome frå eit innbyggjarinitiativ. Det er vår tilråding å forankre planen på høgaste nivå, både politisk og administrativt. Nødvendige ressursar for gjennomføring bør følgje dei prioriterte tiltaka.

Handlingsplanen kan utarbeidast i samarbeid med nabokommunar. Det kan gi fleire ressursar både økonomisk og fagleg, og innbyggjarar kan få tilbod om hjelp i nabokommunen.

Tiltaka kan stå i ein eigen plan, eller inngå som del av ein plan i eit overordna kommunalt planverk. Det er ikkje talet på tiltak som påverkar måloppnåing, men at relevante tiltak faktisk blir gjennomførte.

Ressursgruppa skal skape struktur og retning i planarbeidet. Ho kan hente innspel frå fagfeltet, og implementere og revidere tiltaka.

Det er ei tilråding at gruppa ikkje er for stor, og at ho blir leidd av ein prosjektleiar. Gruppa bør bestå av deltakarar som kjenner til det sjølvmordsførebyggjande arbeidet i kommunen, i tillegg til ein tilsett med administrativt ansvar innan helse. Andre deltakarar blir avgjorde ut frå kva tiltak som er aktuelle i kommunen.

For å sikre god forankring og eit breitt perspektiv kan det for nokre kommunar vere nyttig å samle inn kompetanse gjennom eit innspelsseminar. Fleire avgrensa og temabaserte seminar kan gjennomførast som eit alternativ til eitt stort seminar (menn, unge, rus osv.). Både offentlege og private aktørar bør delta, saman med representantar frå ulike aldersgrupper og livssituasjonar.

Forslag til tema og struktur i seminaret:

  • Presentasjon av forankring, målsetjing og tidsramme for planen
  • Presentasjon av kva som allereie finst av tiltak
  • Gruppearbeid med innspel til tiltaksområde
  • Oppsummering og vidare prosess med innsamling av innspel. Skape struktur for vidare arbeid med planen og tiltaka


Ditt lokale RVTS har som oppgåve å bistå kommunen i utvikling av ein kommunal handlingsplan. Ta gjerne kontakt i forkant av oppstart av planarbeidet.

 

Det er ikkje talet på tiltak som påverkar måloppnåing, men at relevante tiltak faktisk blir gjennomførte.
Sist oppdatert 28.10.2026