Vi bruker informasjonskapslar
Vi bruker informasjonskapslar for at nettsidene våre skal fungere.
Les meir om informasjonskapslane våre
Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo rvts vest

Ein person som sit på ein benk.

Fagområde

Traumer og traumatisk stress

Kunnskap om traumer er ikkje berre for spesielt interesserte, men angår oss alle saman.

Høg førekomst

Undersøkingar viser ein svært høg førekomst av traumatiske belastningar i befolkninga, og mange treng hjelp (NKVTS, 2023).

Mange menneske blir utsette for potensielt traumatiserande hendingar gjennom livet. Dette kan vere enkeltståande hendingar som ei valdtekt, ulukke, naturkatastrofe eller terrorangrep. Mange blir også utsette for gjentatt traumatisering over tid, som psykisk og fysisk vald, alvorleg omsorgssvikt og krig (Terr, 1991).

 

Særleg alvorleg er det når barn opplever traumatiske belastningar i oppveksten.

 

Avhengig av hendingane sitt omfang og alvor, ser ein vanlegvis meir komplekse traumereaksjonar etter gjentatt traumatisering. Mens enkeltståande traumer kan føre til posttraumatiske stressreaksjonar som auka kroppslig aktivering, unngåing og gjenopplevingar av sterke sanseinntrykk, påverkar langvarig traumatisering sjølve tryggleiken av å vere i verda. Slike pågåande relasjonelle traumebelastningar verkar inn på personen sitt sjølvbilete, relasjonar til andre og evna til å handtere kjensler. Dette blir omtalt som komplekse posttraumatiske stressreaksjonar (WHO, 2019).

Traumatiske belastningar i oppveksten

Særleg alvorleg er det når barn opplever traumatiske belastningar i oppveksten. Dette påverkar barns utvikling på mange område, både biologisk og psykologisk. Slike konsekvensar blir omtalt som utviklingstraumer, der barnet både blir utsett for vedvarande traumatiske hendingar og manglar gode omsorgsbetingelsar. Barnet blir då ståande aleine med vonde opplevingar utan lært evne til å handtere dei (Nordanger & Braarud, 2017).

Belastande hendingar blir traumatiserande når dei overgår personen si evne til å ta inn over seg det som har hendt. Jo tidlegare traumatisering, jo større er konsekvensane for personlegheitsutviklinga, meiningsskaping og oppleving av samanheng. Vi snakkar derfor om eit kontinuum av traumelidingar frå posttraumatisk stressliding, til kompleks PTSD og komplekse dissosiative lidingar (Steele et al., 2017).

Steele, K., Boon, S. & Van der Hart, O. (2017). Treating Traumarelated Dissociation. A Practical, Integrative Apporach. W.W. Norton & Company. 

Nordanger, D.Ø. & Braarud, H.C. (2017). Utviklingstraumer. Regulering som nøkkelbegrep i en ny traumepsykologi. Fagbokforlaget. 

Terr LC. Childhood traumas: an outline and overview. Am J Psychiatry. 1991 Jan;148(1):10-20. doi: 10.1176/ajp.148.1.10. PMID: 1824611 

NKVTS rapport (2023). Omfang av vold og overgrep i den norske befolkningen. 

World Health Organization (2019). International Classification of Diseases 11th Revision.  

Kontakt

Linda Renate Kvalvik.

Linda Renate Kvalvik

Områdeleiar / Barn og unge

lrkv@helse-bergen.no 98688394
Geir Olsen.

Geir Olsen

Nestleiar / Områdeleiar vaksen

gjol@helse-bergen.no 95276729

Digitale ressursar

  • To hender som støttar opp om ein globus.
    Flyktning.net

    Ressursportal om asylsøkjarar og flyktningar .

  • Ein smilande gut.
    Frå flukt til fellesskap

    Frå flukt til fellesskap er for deg som arbeider i barnehage, skule eller tenester som involverer barn, unge og deira familiar med fleirkulturell bakgrunn. Særleg familiar som har flukterfaringar.

  • Ein mann med lue og hettegenser som ser nedfor ut.
    Hjelp til hjelperen

    Hjelp til hjelparen er for leiarar og hjelparar som opplever stress, utbrentheit og fatigue på sin arbeidsplass.

Kompetanseprogram

Rettleiarar

Handlingsplanar

Sist oppdatert 22.04.2025