Ditt barnesyn
Har du tenkt over korleis du ser på barn? Korleis du møter barn? Korleis du snakkar med barn? Det er dette som utgjer ditt barnesyn.
Har du tenkt over korleis du ser på barn? Korleis du møter barn? Korleis du snakkar med barn? Det er dette som utgjer ditt barnesyn.
I ein hektisk arbeidskvardag handlar vi oftare på intuisjon enn med gjennomtenkte handlingar. Vi er prega av våre eigne verdiar, haldningar og erfaringar. Det gjer at vi ikkje alltid klarer å vere like påkopla det enkelte barns behov for å bli møtt ut frå sine føresetnader. Kva vi sjølv har med oss påverkar altså vårt barnesyn.
Eit positivt barnesyn er vesentleg for å kunne møte kvart enkelt barn på den måten som barnet har behov for. Eit positivt barnesyn handlar om å sjå alle barn som viktige bidragsytarar til eit godt læringsmiljø. Kva treng du for å halde fast i eit positivt barnesyn, også i situasjonar der du blir utfordra?
For vi møter nemleg barn og unge som utfordrar vårt barnesyn, og som utfordrar den vi ønskjer å vere i jobben vår. Det kan vere stor forskjell på korleis vi tenkjer om andre når vi sit roleg for oss sjølv eller med kollegaer, og korleis vi tenkjer i krevjande møter med barn. Dei kan ha væremåtar som opplevast som trugande eller ubehagelege for oss og som gjer det vanskeleg å møte dei på ein empatisk måte.
Det kan vere at du i slike tilfelle forstår åtferda som uttrykk for mangel på grenser, som dårleg oppseding eller kanskje til og med som vond vilje. Vi begynner å tolke barnet med negativt fortegn.
Vi veit jo at når vi møter barn som treng empati, med motvilje, bidreg vi til å skape meir av den åtferda vi opplever som krevjande. Likevel strevar vi!
Espen er 9 år, og går i fjerde klasse. Espen sit sjeldan i ro ved pulten sin. Han kan sparke og slå i kravsituasjonar og brukar mykje stygt språk. Han gjer ofte dei andre elevane i klassen redde og engstelege, medelevane opplever mobbesituasjonar, noko som også medfører meir administrativt arbeid for personalgruppa. I det siste har Espen sin negative åtferd eskalert, og fleire av dei tilsette gruar seg til å gå på jobb.
Historia om Espen er ikkje unik. Elevar med liknande utfordringar finn vi på alle skular, nokre gonger i alle klasser. Kva gjer det med deg og ditt barnesyn, dine haldningar og verdiar?
I møte med desse elevane er det ikkje alltid vi klarer å vere den vi ønskjer å vere. Vi begynner å tenkje og handle på måtar som ikkje er i tråd med våre verdiar. Og som absolutt ikkje gjer situasjonen betre, verken for oss eller eleven.
Det viktigaste spørsmålet er ikkje alltid kva vi gjer, men korleis vi er. Det er ikkje slik at barn ikkje vil, men nokre gonger har dei ikkje ferdigheitene til å få det til. Når vi veit meir om kvifor barn gjer som dei gjer, så klarer vi å møte barnet med ein annan rausheit, omsorg og forståing. Og dette påverkar barnet positivt. Det løyser ikkje alle utfordringane, men det gir moglegheiter.
Eit barn har 190 skuledagar i året og møter i gjennomsnitt 5 ulike vaksne pr. skuledag. Det gir 950 heilt unike moglegheiter til å positivt påverke eit barn som strevar. Og vi har dei same 950 moglegheitene til å møte elevane på ein måte som får dei til å føle seg dum, feil eller ikkje likt. Kva vil vi eigentleg? Kva vil du eigentleg? Jo, vi vil jo barnets beste alle saman. Og er ikkje moglegheitene til å hjelpe og støtte barn i deira utvikling ein av dei viktigaste motivasjonane til å drive med det som vi gjer?
Når barn er utrygge, kan dei reagere med sinne, tristheit og tilbaketrekking. Det gjeld også oss vaksne. Vi blir vanskelegare å ha med å gjere, tenkjer mindre klart og blir generelt ein meir krevjande versjon av oss sjølv.
Kvifor skal vi ikkje forstå barn på same måte? Nokre gonger er vi rausare med vaksne som strevar, enn med barn som utfordrar oss.
Viss du vel å tenkje på barna som utrygge, kva skal du då gi dei? Då behandlar du dei varsamt, og føreseieleg slik at dei ikkje føler seg pressa opp i eit hjørne.
Det er lurt å vere trygg og behalde roen, og på den måten gi det utrygge barnet som strevar, eit ankerpunkt. Det er lurt å halde hovudet kaldt, og hjartet varmt, sjølv om det kan vere vanskeleg.
Ditt barnesyn, dine haldningar og korleis du ser på og møter barnet er altså moglegheiter. Moglegheiter til å påverke barnets trivsel, livskvalitet og psykiske helse. På godt og vondt.
Du vel! Det er ditt val! Vel godt! Vel med omhug!