Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Brukar- og pårørendeorganisasjonar

Det finst mange ulike brukar- og pårørandeorganisasjonar innan traumer, psykisk helse og rus på barne- og vaksenfeltet.

Desse kan vere nyttige samarbeidspartnarar for kompetansesentra og dei kommunale tenestene. Mange av organisasjonane har også lokalkontor. På denne sida finn du også oversikt over pårørandesenter og brukarstyrte senter. Er det nokre organisasjonar du saknar på denne lista? Ta kontakt.

Oversikt over brukar- og pårørandeorganisasjonar nasjonalt:

ADHD Norge (bokmål)

Norge har bl.a. i oppgåve å utbreie kunnskap og forståing for ADHD, å halde medlemmene underretta om rettar og moglegheiter for støtte frå samfunnets hjelpeapparat, samt å fremje samfunnsmessig likestilling for menneske med ADHD.

Landsdekkande brukar- og pårørandeorganisasjon på rus (A-LARM) (bokmål)

Ein landsdekkande brukar- og pårørandeorganisasjon og eit lågterskeltilbod for rusavhengige i rehabilitering, for deira pårørande og familie.

Norsk OCD og angsforening (Ananke) (bokmål)

Brukarorganisasjon for menneske med tvangslidingar (OCD), deira pårørande og andre interesserte.

Angsforeningen (bokmål)

Angstringen Norge er ei stifting som har som mål å spreie erfaringsbasert kunnskap om angst og sjølvhjelp basert på eit heilskapleg menneskesyn.

Støtte & Ettervernsenter (ATROP) (bokmål)


Organisasjonen er eit lågterskeltilbod og ein brukarorganisasjon for enkeltmenneske og familiar som har opplevd seksuelle, fysiske og psykiske overgrep/krenkingar og/eller er pårørande, rusavhengig og/eller slit med psykisk helse.

Støtteforening for mennesker med psykiske helseproblemer (Aurora) (bokmål)

Aurora er ein ideell og uavhengig interesseorganisasjon for menneske som er, eller har vore i, psykiatrisk behandling. Blant medlemmene er brukarar, pårørande, fagfolk og andre som er engasjert i psykisk helse.

Barn av rusmisbrukarer (BAR) (bokmål)

Barn av rusmisbrukarar, blei stifta som ein brukar- og interesseorganisasjon for barn i alle aldrar som opplever foreldres rusbruk som ei belastning. Har som hovudmål å fremje barn av rusmisbrukarar si posisjon og stemme i samfunnet. BAR har forskjellige aktivitetar og tilbod til barn av – i alle aldrar. Blant anna driv dei BARsnakk, ein chatteteneste.

Bipolarforeiningen

Bipolarforeininga Norge skal jobbe samfunnspolitisk med psykisk helseproblematikk og då med spesielt vekt på bipolare lidingar.

Dissosiasjonsforum

Landsforeininga for komplekse traume- og dissosiative lidingar.

 

Foreningen for human ruspolitikk (FHN) (bokmål)

Forbundet for human narkotikapolitikk er ein brukarorganisasjon som jobbar for å påverke norsk narkotikapolitikk og rusbehandling.

Forandringsfabrikken (bokmål)

I Forandringsfabrikken Kunnskapssenter finn du oppsummert kunnskap frå barn på desse temaa: Skule, barnevern, psykisk helse, vald og overgrep, kriminalomsorg, NAV og sjukehus.

Hjelpekilden (bokmål)

Ein organisasjon som arbeider med informasjon om isolerte trussamfunn, med spesiell fokus på barns oppvekstvilkår. Hjelpekilden gir også hjelp og støtte for menneske i religiøse brotsprosessar.

Hvite ørn (bokmål)

Hvite ørn er ein medlemsorganisasjon for brukarar av og med erfaring frå psykiatri, og for menneske som ønskjer å støtte eller engasjere seg i utfordringar innan psykisk helse. Dei vil derfor jobbe for at alle skal kunne velje sin rette behandlingsform uavhengig av ståstad og økonomi.

Ivareta – pårørande berørt av rus (bokmål)

Norges største pårørandeorganisasjon av og for pårørande av rusavhengige.

Landsforeningen for barnevernsbarn (LFB) (bokmål)

Landsforeininga for barnevernsbarn.

Landsforeningen for forebygging av selvskading og selvmord (LFSS) (bokmål)

Landsforeininga for førebygging av sjølvskading og sjølvmord LFSS.

Landsforeningen for pårørende innen psykisk helse (LPP) (bokmål)

Landsforeininga for pårørande innan psykisk helse er ei landsomfattande ideell interesse‐ og brukarorganisasjon for pårørande innan psykisk helse.

Landsforeininga for etterlatte ved sjølvmord (LEVE) (bokmål)

LEVE – Landsforeininga for etterlatte ved sjølvmord har fylkeslag i alle landets fylke. LEVE arbeider for å sikre etterlatte ved sjølvmord omsorg og støtte, samt med å spreie informasjon om sjølvmord generelt og etterlatte si situasjon spesielt.

Landsforbundet mot stoffmisbruk (LMS) (bokmål)

Landsforbundet mot stoff er ei pårørandeorganisasjon av og for pårørande av rusavhengige.

Nasjonal senter for erfaringskompetanse innen psykisk helse (Erfaringskompetanse) (bokmål)

Erfaringskompetanse jobbar for at brukarar og pårørande sine erfaringar blir tatt i bruk i tenestene på psykisk helse- og rusfeltet.

Erfaringssentrum er ein nasjonal interesseorganisasjon for erfaringskonsulentar

Norsk forsterheimsforeining (bokmål)

Norsk Fosterheimsforeining er ein aktiv pådrivar for å heve kvaliteten på alle plan innan fosterheimsomsorga. Foreininga er ei landsdekkande og uavhengig brukar- og interesseorganisasjon i forhold til politiske parti og trussamfunn.

Medikament Assistert Rehabiliterings Bruker Organisasjon er en brukerorganisasjon på rusfeltet (MARBORG) (bokmål)

Mental Helse Norge (bokmål)

Mental Helse er ein interesseorganisasjon som jobbar for auka openheit om psykisk helse, førebygging av psykiske problem og eit betre psykisk helsetilbod.

Mental Helse Ungdom (bokmål)

Mental Helse Ungdom er ein medlemsstyrt ungdomsorganisasjon på psykisk helsefeltet. MHU driv med politisk og samfunnsretta arbeid.

Organisasjonen for barnevernsforeldre (OBF) (bokmål)

Nasjonalt forbund for folk i LAR (ProLAR Nett) (bokmål)

Pårørendealliansen - for bedre vilkår til alle pårørende (bokmål)

Retretten (bokmål)

Retretten er eit gratis tilbod for tidlegare alkoholikarar, rusmisbrukarar, LAR-pasientar og pårørande. Enten ein er innanfor eller utanfor ein behandlingssituasjon, eller befinn seg i fengsel.

Rusmisbrukernes Interesseorganisasjon (RIO) (bokmål)

Rusmisbrukarane sin Interesseorganisasjon har som sitt føremål at flest mogleg skal få best mogleg behandling og oppfølging for sine rusproblem.

Rådgivning om spiseforstyrrelser (ROS) (bokmål)

Rådgjeving om spiseproblem er ei landsdekkande interesseorganisasjon for alle som er berørt av problematikk rundt mat, kropp og sjølvkjensle – for dei som har eller har hatt ein spiseproblem, og for deira pårørande.

Spiseforstyrrelses foreningen (SPISFO) (bokmål)

Har sprunge ut av det som tidlegare blei kalla Interessegruppa for kvinner med spiseproblem (IKS), men som framover vil vere ein organisasjon for alle som er berørt av spiseproblem.

Voksne for Barn (bokmål)

Vaksne for Barn er ein ideell medlemsorganisasjon som arbeider for barn og unge si psykiske helse.

Stiftelsen Wayback (bokmål)

Wayback er ei uavhengig stifting, som arbeider for at straffedømte kan leve eit liv utan kriminalitet og rusmisbruk.

Landsforeningen We Shall Overcome (WSO) (bokmål)

Landsforeininga We Shall Overcome er ei støtteforeining for menneske i psykiatrien og deira vener, dvs. alle som på brukarar sine eigne vilkår jobbar for rettar og sosialt likeverd.

Oversikt over pårørandesenter

Pårørandesentra har ulike tilbod spesielt til pårørande. Fleire av dei tilbyr rettleiing (ved telefon eller oppmøte), moglegheiter for å ta kurs eller delta i grupper med andre pårørande.

Kilde: helsenorge.no

Regionale brukarstyrte senter

Ansvar for brukaropplæringsprogramma ligg hos brukar- og pårørandeorganisasjonane og dei regionale brukarstyrte sentra. Dei regionale sentra har ansvar for å utvikle og administrere forskjellige brukaropplæringstilbod. Nokre har også tilbod til pårørande.

 

Sist oppdatert 03.10.2025