Om BLI-INVOLVERT

BLI-INVOLVERT.NO er ei hjelp til å jobbe systematisk med brukar- og pårørandeinvolvering.

Bli-involvert.no er utarbeidd av Kompetansesenterforum vest, som består av KORUS Stavanger, KORUS Bergen,RKBU Vest, NAPHA og RVTS Vest.

Målgruppe

Målgruppa er tilsette ved kompetansesenter om psykisk helse og rus som skal involvere brukarar i sitt arbeid, men vil også vere nyttig for alle som ønskjer å jobbe meir systematisk med brukar- og pårørandeinvolvering.

Formål

Formålet med nettressursen er at kompetansesentra skal få inspirasjon og tips til korleis jobbe med brukar- og pårørandeinvolvering i sitt arbeid, samt gi ei oversikt over sentrale rettleiarar, føringar og brukar- og pårørandeorganisasjonar.

Kunnskapsgrunnlag

Informasjon, råd og tips byggjer på nasjonale faglege råd og føringar for brukar- og pårørandemedverknad i rus- og psykisk helsefeltet, samt henta frå miljø i Noreg innanfor erfaringskompetanse. Eksempel er henta frå kompetansesentra sitt eige arbeid.

Brukarar og pårørande

På BLI-INVOLVERT.NO definerer vi brukarar som personar med erfaring frå tenester innanfor rus, psykisk helse, flyktninghelse og barnevern. Dette kan vere barn og unge og deira foreldre/omsorgspersonar eller vaksne med sjølvstendig hjelpebehov. Involvering av representantar frå tenesteapparatet er også inkludert i brukaromgrepet på denne nettsida.

Pårørande er definert som brukaranes familie/omsorgspersonar og vener. Pårørande er menneske i alle aldrar – barn og unge, unge vaksne, vaksne og eldre. Dette gjeld anten dei representerer seg sjølv eller ei brukar- eller pårørandeorganisasjon.

Å involvere brukarar og pårørande i behandling og utvikling av tenestetilbod er viktig både av omsyn til pårørande og til brukaren sin situasjon.

Kva meiner vi med brukar- og pårørandeinvolvering?

På BLI-INVOLVERT.NO har vi valt å framheve omgrepet brukar- og pårørandeinvolvering i staden for medverknad og deltaking.

Å involvere understrekar nettsida sitt formål om å aktivt trekke inn brukarar og pårørande i ulike delar av verksemda, medan å medverke i større grad peiker mot brukaranes moglegheiter for og rettar til å delta. Omgrepa medverknad og deltaking blir brukt der det er naturleg avhengig av kontekst og type tekst.

Redaksjonsgruppe:

Bli-involvert blir drifta som eit samarbeid mellom kompetansesentra i vest. Redaksjonsmedlemmene består av kommunikasjonsrådgivarar, med ei utvida redaksjon beståande av fagrådgivarar ved sentra, samt erfaringskonsulent.

  • Tone Helene Oskarsen, kommunikasjonsrådgivar, KORUS Stavanger
  • Thomas Anthun Nielsen, kommunikasjonsrådgivar, KORUS Bergen
  • Cristo Borrachero, digital produsent, RVTS Vest
  • Christina Hauge, kommunikasjonsrådgivar, RKBU Vest
  • Ragnhild Krogvig Karlsen, kommunikasjonsrådgivar, NAPHA
  • Sylvia Haukanes, kommunikasjonsrådgivar, RVTS Vest

Utvida redaksjon:

  • Beate Gauden, spesialkonsulent, RVTS Vest
  • Karen J Skaale Havnen, forskar II, RKBU Vest
  • Randi Træland Hella, seniorrådgivar, RKBU Vest
  • Beate Johanna Kryvi, psykologspesialist, KORUS Bergen
  • Møyfrid Kjølsdal, fagleg rådgivar, NAPHA Erfaringskonsulent

Kontakt oss

Har du innspel til nettsida? 

Sylvia Haukanes

Sylvia Haukanes

Kommunikasjonsrådgjevar

syli@helse-bergen.no 47409915
Sist oppdatert 21.08.2025