Vi bruker informasjonskapslar
Vi bruker informasjonskapslar for at nettsidene våre skal fungere.
Les meir om informasjonskapslane våre
Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo rvts vest

Vi har fått ny nettside!

Nettsida er vår viktigaste kanal, og er no endå betre tilpassa deg som brukar.

Publisert 09.05.2025
Sist oppdatert 12.05.2025
Sylvia Haukanes, Linda Thomassen, Espen R. Johansson, Cristo Borrachero.

Foto: Tora Ø. Tvedt

RVTS Vest sin nettredaksjon (f.v): Sylvia Haukanes, Linda Thomassen, Espen R. Johansson og Cristo Borrachero. Ikkje til stades då biletet vart teke: Steinar Hvål og Dennis Havre.

Nettsida er lansert i nytt design, med ny menystruktur og ny teknisk løysing. Både brukarar av nettsida og tilsette har vore involvert i utviklinga. 

Vil bidra til koordinerte tenester og tilbod 

Vi har rydda i våre ulike tilbod, slik at kompetanseprogram og digitale ressursar vert betre presentert og meir synlege.  

Vi har ei heilskapleg tilnærming til innhaldet, og viser korleis utvikling av nye kompetanseprogram og nasjonale prioriteringar i tilskotsbrev er tett knytt til nasjonale handlingsplanar og rettleiarar. Mange av tenestene i målgruppene våre jobbar ut frå dei same planane. 

Eit døme er at RVTS Vest skal oppfordre og støtte kommunar i regionen i å utvikle og ta i bruk lokale handlingsplanar mot vald i nære relasjonar. Derfor har det vore viktig å synleggjere sentrale ressursar som rettleiar for utvikling av kommunale handlingsplanar og andre ressursar som kommunane kan bruke i arbeidet. 

Ein PC som viser nettsida rvtsvest.no
Ny design og struktur.

Dette er nytt 

Fagnettverk 

RVTS Vest driftar og deltek i ulike fagnettverk som ein viktig del av å styrke kompetanse og kvalitet i tenestene.  Vi ønsker å synleggjere fagnettverka slik at fagfolk i regionen kan ta kontakt med oss dersom dei ønsker å delta. 

Faghjørnet 

RVTS Vest skal gjere kunnskap lett tilgjengeleg. I Faghjørnet deler vi Fredagsfokus og Fagdrypp. Fredagsfokus er 45 minutt direktesending ein fredag kvar månad, med panelsamtale knytt til våre fagområde. Fagdrypp er tekstar skrive av tilsette ved RVTS Vest. Begge skal bidra til diskusjon, refleksjon og auka kunnskap. 

Klarspråk 

Vi jobbar strategisk med klarspråk i senteret, og bruk av klarspråk den nye nettsida har vore sentralt. Klarspråk bidreg til inkludering ved å gjere informasjonen lettare å forstå for alle, uansett bakgrunn, utdanningsnivå eller språkkunnskapar. Dette er spesielt viktig for våre fagområde, som kan vere sensitive og til dels tabubelagte. 

Kva er klarspråk?

Klarspråk er korrekt, tydeleg og brukartilpassa kommunikasjon. Ein tekst er skriven i klarspråk når lesarane 

  • finn det dei treng (tydeleg struktur) 
  • forstår det dei finn (tilpassa språk) 
  • kan bruke det dei finn, til å gjere det dei skal (tydeleg funksjon) 

 

Kjelde: Språkrådet 

Vi vil høyre frå deg 

Nettsida er stadig i utvikling, og vi set stor pris på di tilbakemelding, både ris og ros. Har du spørsmål eller innspel? Ta kontakt. Du kan også gje oss anonym tilbakemelding via spørreskjemaet “Fann du det du leita etter?”, som ligg nedst på kvar side. 

Meld deg på vårt nyhetsbrev 

Ønsker du å halde deg oppdatert? Meld deg på vårt nyhetsbrev for å få siste nytt rett i innboksen.