Frå flukt til fellesskap
Betraktningar om ein fastleges handlingsrom i møte med menneske med fluktbakgrunn
Betraktningar om ein fastleges handlingsrom i møte med menneske med fluktbakgrunn
Artikkelen vart først publisert i Utposten – blad for allmenn- og samfunnsmedisin.
Vi vil i denne artikkelen belyse det vi tenkjer er den vesle forskjellen som kan gi stor tryggleik for menneske med fluktbakgrunn.
«Når meininga forsvinn og folk byrjar å miste kontakten med kvarandre, det er då sjukdom oppstår, det er då helsa bryt saman, mentalt, fysisk og samfunnsmessig», seier psykiateren og nevroforskaren Bruce Perry i Myten om det normale av Gabor Mate (2023, s.264).
Hassan sit hos fastlegen. Han har budd i Noreg i fire år, har to skulebarn og kona vart gjenforeint for eitt år sidan. Legen spør korleis det går. – «Eg søv lite. Det er vanskeleg. Eg veit ikkje».
Fastlegen har møtt Hassan to gonger før, han stiller fleire spørsmål, men Hassan gjentek det han alt har sagt. Han finn ikkje orda, inni han er det kaos, skam og fortviling. Han kjenner seg isolert, sjølv om han går i jobb som lærling. Han vil jobbe, det kjennest livsnødvendig. Han forstår ikkje kva som skjer, alt er forandra, men utanfrå ser alt likt ut. Det kjennest som storm inni han og tankane slit han ut. Fotballtreninga har han slutta på. Han prøver å gå på foreldremøte, men han må vere heime for å ivareta barna.
Når meininga forsvinn og folk byrjar å miste kontakten med kvarandre, det er då sjukdom oppstår, det er då helsa bryt saman, mentalt, fysisk og samfunnsmessig
Kona snakkar mykje i telefonen med familien i heimlandet. Ho er mykje passiv, og har fråvær på introduksjonsprogrammet. Ho veit ikkje korleis ho kan bruke sin kompetanse i Noreg. Ho verkar fjern og mistenksam, og let barna sitje mykje på skjerm. Familien prøver å delta i miljøet frå heimlandet, men i takt med aukande opplevingar av at livet blir vanskelegare, vegrar han seg for å delta.
Legen vurderer at Hassan treng sovemedisin og ber han kome tilbake om tre veker. Hen vurderer sjukemelding, men vil avvente fordi han er redd Hassan vil bli isolert.
Frå 1970 har talet på menneske med fluktbakgrunn i Noreg auka frå 1,5 til 5,3 %. I 2020 hadde 11 % av befolkninga innvandrarbakgrunn. Har kompetansen i norsk helsevesen vakse i takt med tala?
Vi veit at flyktningar har dårlegare helse og høgare andel psykiske plager (Straiton 2019). Med utgangspunkt i denne kunnskapen kan fastlegen allereie ved første henvending tenkje heilskap og bruke tid på å prøve å forstå korleis pasienten lever. Kva risikofaktorar finst i livet, både før og etter ankomst til Noreg? Kva beskyttande faktorar finst?
Verdas helseorganisasjon påpeikar at ein bør sjå mennesket heilskapleg og definerer helse slik: «Helse er fysisk, mentalt og sosialt velvære og ikkje berre fråvær av sjukdom eller svakheiter». Hassan kjem til legen, men kanskje er det kona som er bekymringa? Korleis opplevast det for barna? Korleis kan fastlegen tenkje stort når handlingsrommet kjennest så lite? Det kan opplevast krevjande under dagens rammer.
Når Hassan byrjar å fortelje, er det å tenkje heilskapleg og samarbeide tverrfagleg hensiktsmessig. Det er vanskeleg å løyse eit menneskes livsbelastningar åleine som fagperson. Samtykke til ein telefon til programrådgivar eller kort møte med psykiatrisk sjukepleiar i timen hos legen kan vere risikoreduserande tiltak. Slikt samarbeid kan redusere eventuell skam eller skepsis til hjelpetenestene, og bistå familien med støtte og tryggleik. Tausheitsplikt hindrar ikkje tverrfagleg samarbeid.
Kor mange minutt trengst for å etablere tryggleik i ein fastleges travle kvardag? Skal Hassan fortelje noko som opplevast vanskeleg, treng han å oppleve ro og tillit. Han treng å bli møtt på ein trygg og medmenneskeleg måte som viser «eg er her for deg». Det er det aller viktigaste. Det er ein døråpnar.
Å jobbe heilskapleg betyr også å jobbe fleksibelt og våge å gå utanfor sitt mandat. Dette kjem tydeleg fram etter Ukom-undersøkinga av drukningstragedien i Tromsø (3-2021). Undersøkinga søker å gi svar på kvifor vi ikkje klarer å fange opp flyktningar som er i ein særskilt sårbar livssituasjon. Det kan høyrest utfordrande at ein innimellom «bør gå utanfor sitt mandat», når rammene allereie kjennest for snevre. Men bruk av litt tid tidleg i forløpet kan redusere behov for mykje meir tid seinare.
Kva kultur pasienten kjem frå vil påverke hens forståing av fagpersonens tilnærming. Finst overhovudet omgrepet «psykisk helse» eller «depresjon» i pasientens vokabular? Å vere observant for språkbarrierar er sentralt. Når orda vi bruker i norsk helsevesen kanskje ikkje finst i pasientens vokabular, kan vegen vere ekstra lang å gå. Det vil vere viktig å redusere bruken av vanskelege fagtermer og utsette gjennomgang av prosedyrar som kan verke framandgjørande. Det vil vere bra å beskrive tilstandar mest mogleg konkret og bruke tida det tek å vise at ein er kultursensitivt imøtekommande. Vurdering av behov for telefontolk kan redusere språkbarrierar.
Mer enn spesifikk kulturfakta trengs ein interkulturell forståing, som inneber å utvikle nysgjerrigheit og forståing for kulturelt mangfald. Manglande kultursensitiv tilnærming kan føre til at Hassans utfordringar ikkje blir tatt på alvor, sjølv om intensjonen ikkje er slik. Kven som innehar flyktningehelse-kompetanse i systemet er ikkje så viktig, men at den finst.
Han er pappa, du er pappa. Ho er dotter, du er dotter. Det er eit styrkefokus som kan bygge tillit og glede
Ulike forståingar av psykisk sjukdom og behandling er vanleg i møtet mellom lege og pasient (Broch 2019). Livet kan vere eit komplekst puslespel. Det kan vere lurt å tenkje at de forstår forskjellig. Det kan også vere lurt å fokusere på likskapar meir enn forskjellar, det gir håp. Han er pappa, du er pappa. Ho er dotter, du er dotter. Det er eit styrkefokus som kan bygge tillit og glede (Kumar 2001). Å jobbe med flyktningar kan vere veldig meiningsfylt og givande, ein kan oppleve at ein gjer ein forskjell.
Vi anbefaler å stille spørsmålet: «Kven ville støtta deg om du var i heimlandet ditt?». Ikkje overraskande er svaret ofte «familien». Dette gir oss ein djup sanning om mennesket som sit framfor oss. Kven er eg utan familien min? Kven kan erstatte familien i nytt land? Korleis unngå einsemd og isolasjon når det menneske treng er ein grunnmur av fellesskap og tryggleik?
Trygg kultursensitiv tilnærming kan bygge allianse og dermed gi moglegheit for å avdekke både symptom, bakanforliggande årsaker og eventuell sjølvmordsåtferd. Slik kan ein lettare sette inn eigna tiltak for å redusere risiko på kort og lang sikt.
Beate Gauden og Sidar Kartal
Ut frå kunnskap og erfaringar veit vi at Hassan og familien kan ha traumer og helseplager etter flukt. Helseplagene kan avta eller auke, alt etter deira erfaringar med viktige personar som lærar, lege, arbeidsgivar, integreringskonsulent eller NAV-rettleiar. Dei som møter med forståing og ser på samanhengar av kva som fremjar og hemmar helsa, den som «strekkjer armane sine lengre», kan setje djupe spor hos ein flyktning.
Inkluderande samfunn og sosial støtte er viktig, men ekstra viktig i etableringsfasen for nykomne flyktningar. Sosial støtte og inkluderande miljø bidreg til både tryggleik og moglegheit for sunn tilpassing i det nye landet. Samfunnstilknyting er ikkje noko som kjem av seg sjølv, det er ein gjensidig prosess. Ønsket om å bli del av samfunnet må bli møtt med praktisk tilnærming som bidreg til inkludering. Ofte startar inkluderinga på introduksjonsprogrammet, nokre gonger kan det starte i nabolaget, iblant startar det på helsevesenets kontor.
Korleis handtere at Hassan vender seg til fastlegen på bakgrunn av trøyttleik og dårleg søvn? Er det slik at når ein har hovudverk, skriv legar ut Paracet og seier «Hugs å drikke mykje vatn»? Nokre spør heldigvis også: «Korleis går det med deg og familien?». Om ein ikkje spør, blir det vanskelegare å finne kjelda til plagene. Nokre gonger må ein vere tolmodig og vente, fordi pasientens svar er uforståelege for hen sjølv.
Menneske med psykiske lidingar er blant dei mest sosialt ekskluderte gruppene i samfunnet, skriv Ynnesdal Haugen, som tok doktorgrad på betydninga av sosiale treffstader for menneske med psykiske lidingar (2020). Sosiale fellesskap kan innehalde beskyttande faktorar som sosial støtte, tilhøyrsle, meiningsfullheit og normalitet. Alle desse er faktorar som kan bidra til å redusere uhelse og fremje god helse.
Vi har kunnskap om at utanforskap påverkar både mental og fysisk helse. Psykisk helse er avhengig av fleire faktorar, mellom anna kor mykje flyktningar har blitt inkludert i samfunnet, kor mykje dei har blitt sett og fått bidra. Å vere tilknytt eit fellesskap kan opplevast helande, fordi det er menneske der som bryr seg uansett korleis ein har det. Fråværet av denne tilhøyrsla og sosiale støtta utgjer ein helsemessig risiko.
Kva kontaktar har ein fastlege for å ivareta pasientens behov for sosiale fellesskap? Dette ansvaret kunne ligge hos introduksjonsprogrammet eller NAV, men det kan sjå ut som det er tilfeldigheiter som avgjer om det viktige helande fellesskapet blir ein del av isolerte menneskers liv.
Vi veit at flyktningar opplever ulike barrierar i møte med psykisk helsehjelp. Dei går gjennom fysiske og ikkje minst psykiske påkjenningar på grunn av både tidlegare traumatiske opplevingar og noverande livssituasjon. Det er viktig å starte med tidleg førebygging og behandling av den psykiske helsa. Sosiale fellesskap bør vere ein del av denne behandlinga.
Mange tenkjer at helsevesenets ansvar er reint medisinsk, og gløymer at alt heng saman med alt. Kropp og psyke samarbeider og treng heilskapleg vurdering. Marta Thorsheim (2023) skriv i forordet for Gabor Mate sin bok «Når kroppen seier nei» at (…) «det burde vere ei kjend sak at det å skilje kropp og sinn høyrer til historiebøkene».
Den som ser, må ta ansvar, uansett kvar i hjelpekjeda den er. Uansett kva profesjon. Ein flyktning er først og fremst eit menneske som treng at tenestene finstiller «radaren» og bruker medmenneskelegheit som ein sentral del av sin faglegheit. Og medmenneskelegheit tar ikkje tid.