Å møte barn med ro
Barn som har sterke reaksjonar, har det av ein grunn. Dei vil ikkje vere slik.
Barn og unge treng trygge relasjonar og grenser, men det er ikkje alltid så lett. Når dei hyler, bannar eller slår, pleier vi å seie at logikkhjernen er stengd for fornuft. Den delen av hjernen som trengst for at barn skal lytte og forstå, blir på ein måte slått av når dei blir utrygge og uregulerte.
Då er det inga vits i å prøve å belære dei. Det som viser seg å verke dårleg, er det vi foreldre oftast gjer: å snakke fornuft eller irettesette barna midt i stormen av følelsar. Vi snakkar og vi snakkar til barn som er langt over toleransevindauget. Alt dette snakket kjem lite inn i barnet sine tankar og fornuft, då dei framleis er fulle av følelsar.
Sluttar eigentleg barnet å banne eller slå når dei blir møtt av oss på denne måten? Vanlegvis nei. Barn lærer altså ikkje å bli rolege ved å bli møtt med urolege og stressa vaksne. Det som derimot viser seg å verke best, er å puste og finne roa først sjølv, og gi ro tilbake.
Trygge «nei» verkar betre enn stressa «nei». Å møte barn med ro betyr ikkje at vi aksepterer at dei sparkar eller slår. Det betyr berre at vi er der for dei uansett. Vi gjer det trygt - når dei er utrygge.
Dette skjer intuitivt. Når barnet er små, trøystar og voggar vi dei skrikande barna, men det er litt vanskeleg å bysse ein ungdom. Men frustrerte skulebarn treng òg den forma for trøyst som ligg i at foreldre tek imot utan å bli så sinte.
Altså, det er ingen som blir trygge av kjeft. Det er ingen som lærer medan dei er sinte. Store følelsar treng trygge vaksne.
Ekstra viktig for barn som har traumeerfaringar
Det som er genialt, er at å møte barn trygt er godt for alle barn, men det er ekstra viktig for barn som har levd med livsbelastningar eller opplevd traume, for då har dei fått mykje vondt og lite godt i oppveksten sin. Og når du som vaksen opplever at barn eller unge er frekke eller sinte, pust djupt, ver trygg og snakk lite.
For når du er roleg, då speglar barnet deg, og det er lettare for barnet å roe seg ned. Så kan du heller prate om det som skjedde seinare på dagen eller neste dag. Å møte barn slik gjer at dei kjenner seg sett og forstått.
Lukke til, kjære foreldre! Du er den viktigaste for barnet ditt og ungdommen din. Men hugs å puste.