På årets Septemberkonferanse skal vi lære meir om samanhengen mellom traumer og identitet.
Mange tenester møter menneske som på ulike måtar har vore utsett for traumatiserande hendingar.
- Vi veit at traumatiske erfaringar påverkar vår forståing av oss sjølv, våre relasjonar og valga vi tar i livet, seier Randi Mossefinn.
- Det er viktig at menneske med traumeerfaringar får hjelp til å forstå dette, og det er viktig at vi er medvitne om at dei kan trenge hjelp for å komme seg vidare dersom traumene legg barrierar for eit godt liv, seier ho.
- Det handlar rett og slett om at menneske med traumeerfaringar skal leve gode liv.
Les alt om førelesarar, program og påmelding
- Målet med konferansen er at du som er hjelpar får ei djupare forståing av korleis traume formar identitet. Vi ønsker å saman utforske moglegheiter for heling og vekst, slik at vi kjenner oss trygge til å hjelpe menneske med traumeerfaringar.
Trauma is a fact of life. It does not, however, have to be a life sentence.
Ei rekkje anerkjende fagpersonar med ekspertise innan traumer, identitet og behandling kjem på konferansen. Programmet vil omfatte både forskingsbaserte føredrag og praksisnære perspektiv. I tillegg får vi viktig innsikt i erfaringar frå brukarstemmer, som på ulikt vis har snudd dei traumatiske erfaringane til noko positivt.
RVTS Vest har arrangert Septemberkonferansen sidan 2007. Konferansen er ein plattform for fagleg påfyll, og rettar seg breitt mot fagpersonar og praktikarar som i sitt arbeid møter barn, unge eller vaksne.
Marianne Fjæreide, klinisk sosionom og behandlar ved for Avdeling for rusmedisin, har meldt seg på årets konferanse saman med sine kollegaer:
- Septemberkonferansen er ein av årets store «happenings» i Bergen for oss som er interesserte i traumefeltet. Avdeling for rusmedisin har over tid hatt fokus på traumer og traumebehandling. Ved AFR driv vi traumestabiliserande gruppebehandling etter Modum Bad sin manual «Tilbake til nåtid» som tilleggsbehandling for pasientar i Tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB). AFR har òg eit internt kriseteam som består av tverrfagleg tilsette som lege, psykolog, vernepleiar og sosionom. Kriseteamet får i tillegg til eigne fagdagar, delta på Septemberkonferansen. Vi gler oss! seier ho.
I år har vi satsa litt ekstra på konferansemiddagen. Bli med på ein kveld fylt med talar, musikk, underhaldning og overraskingar! Det blir DJ og dans, innslag frå eigne rekkjer og overraskingar undervegs. Middagen i år blir tapas – noko for ein kvar smak og laga spesielt for høvet. Dette blir ein festkveld for både fagleg fellesskap og sosialt samver på Kulturhuset i Bergen.
Sjå opptak av Fredagsfokus om traumer og identitet (Facebook)
Om kvelden den 3. september inviterer vi til sofasamtale på Litteraturhuset i Bergen. Septemberkonferansen in a nutshell er eit gratis tilbod, særleg for dei som ikkje har høve til å delta på sjølve konferansen. Her er det ingen påmelding, du møter berre opp på Litteraturhuset i Bergen.
Dag Nordanger frå RVTS Vest leier samtalen. Dei som deltek er Inger Sigfridsson, ansvarleg for konferansekomiteen, Eva Dønnestad frå Universitetet i Agder, Heine Steinkopf frå RVTS Sør og Anders Løkkeberg frå Skeiv Verden. Eva, Heine og Anders skal også førelese på konferansen.
Psykolog og forfattar av boka "Instukid"
Psykolog i Skeiv verden
Skribent og opplæringsansvarlig, forfattar av "Menneskemøteboken"
Psykologspesialist og PhD, forfattar av "Menneskemøteboken"