Vi lanserer TryggEst-hjelpa
Vi lanserer TryggEst-hjelpa, ei oppstartspakke for kommunar som skal starte med TryggEst.

Oppstartspakken er utvikla av RVTS, i samarbeid med Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir). Inger Sigfridsson leiar prosjektet på vegner av RVTS, og fortel om bakgrunnen for TryggEst-hjelpa.

Kvifor TryggEst-hjelpa?
- TryggEst-hjelpa vart utvikla som ein del av Stimulab*-prosjektet Tiltaksoppfølging for voldsutsette sårbare vaksne, i samarbeid mellom RVTS Vest, Bufdir og Eggs Design.
- Prosjektet hadde som mål å vidareutvikle TryggEst og finne gode måtar å støtte kommunane i implementeringa av modellen.
- Gjennom arbeidet vart det tydeleg at kommunane hadde behov for ei meir strukturert og tilgjengeleg støtte. TryggEst-hjelpa er derfor utforma i tett samarbeid mellom Bufdir, RVTS og kommunane – som både har etterspurt ei slik oversikt og bidrege med verdifulle innspel til innhald og utforming.
Kva finn ein på TryggEst-hjelpa?
Inger fortel at TryggEst-hjelpa gir ei samla oversikt over alt du treng for å kome i gang med TryggEst i kommunen.
- Her finn du praktiske verktøy, kontaktinformasjon til dei regionale kontaktpersonane i RVTS, rettleiingar og ressursar som støttar deg i planlegging, oppstart og vidare arbeid med TryggEst-modellen. Målet er å gjere det enklare for kommunar å implementere TryggEst på ein trygg, effektiv og heilskapleg måte, seier ho.
Digitalt TryggEst-nettverk
Det er Bufdir som har utvikla TryggEst-modellen. John Ingvard Kristiansen og Katrine Lund frå Bufdir er ansvarlege for implementeringa.
John Ingvard fortel at det i tillegg til TryggEst-hjelpa finst eit nasjonalt digitalt TryggEst-nettverk, som vert administrert av Bufdir.
- Alle medlemmene i eit kommunalt TryggEst-team kan meldast inn her. I teamet kan du stille spørsmål, finne gode tips, dele materiell med andre kommunar, finne bilete, illustrasjonar og logoar. Det er òg faste fredagsforum på Teams kvar første fredag i månaden.

Råd for å få til TryggEst i kommunen
John Ingvard Kristiansen har vore med å starte opp 85 TryggEst-kommunar nasjonalt. Han har nokre råd for å kome i gang:
John Ingvard sine råd
- Forankre TryggEst på systemnivå, slik at TryggEst vert eit tiltak som vert minst mogleg personavhengig
- Finn personar som har ei oppriktig interesse for å vere koordinator og teammedlemmar
- Lag ein plan der de set dato for når TryggEst skal starte i kommunen
- Fyll ut planen med det som er naudsynt for å nå denne datoen
- Når de er i gang, lag ein kompetanseplan for kommunen
Katrine Lund jobbar i dag som seniorrådgivar i Bufdir, men har tidlegare jobba som rådgivar i TryggEst i Asker kommune. Ho har òg nokre råd for å kome i gang med TryggEst:

Foto: Lorent Dautaj
Katrine sine råd
- Hugs at TryggEst skal betre kvalitet og systematikk, og ikkje vere noko nytt kommunen skal starte med
- Set i gang! Løys utfordringane som oppstår etter kvart
- Set av jamne samarbeidsmøte i teamet for å ha ein stad å avklare problemstillingar, særleg i starten
- Snakk med ein kommune som er litt lik din eigen i storleik og vald modell – på den måten kan ein få gode tips!
- Bruk Casegeneratoren i teamet til å trene, gjerne før oppstart
Oppmodar interesserte kommunar til å ta kontakt
Dersom din kommune er interessert i å starte med TryggEst, kan du kontakte Bufdir på tryggest@bufdir.no, eller din regionale TryggEst-kontakt i RVTS.
* Dette er Stimulab
Stimulab er ei stimuleringsordning for innovasjon og tenestedesign, og skal støtte og stimulere til brukarorientert eksperimentering og nyskaping i forvaltninga.
Digitaliseringsdirektoratet og DOGA står bak ordninga.
Brukarsentrerte metodar og eksperimentering blir nytta for å fremme innovasjon i forvaltninga.
Vanetenking blir utfordra ved at tverrfaglege team kombinerer forståing for brukarar, teknologi, tenesteproduksjon og forvaltningssystem med design som hovudtilnærming.
Målet med Stimulab er å løyse komplekse samfunnsutfordringar på tvers av fleire sektorar ved hjelp av design.
Kjelde: digdir.no