Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Slik gjer dei det i Trondheim

Trondheim kommune var med som pilotkommune for TryggEst med oppstart i 2018.

Publisert 22.10.2025
Sist oppdatert 10.12.2025
Gerd-Ingrid Olsen og Reidun Hobbesland

Foto: Trondheim kommune

Frå venstre: Gerd-Ingrid Olsen g Reidun Hobbesland. Hobbesland er koordinator for TryggEst-teamet i Trondheim kommune.

Det vart sett av to 50 % stillingar til TryggEst-koordinatorar, og etablert ei tverretatleg styringsgruppe. Gruppa bestod av politistasjonssjef, kommunalsjefar innanfor alle område knytt til helse, omsorg, rus og Bo- og aktivitetstilbud (BOA).

Gruppa vart leia av einingsleiar for helse- og velferdskontor. TryggEst-koordinatorane fekk opplæring i risikohandteringsverktøyet RITE og SARA kort- og fullversjon. Det vart bestilt materiell og starta arbeid med å presentere piloten, og oppretting asv eit eige telefonnummer.

Begge TryggEst-koordinatorane hadde i lang tid arbeidd med vald – både på utsett- og utøvarsida. Begge hadde òg store tverretatlege nettverk. Samarbeidet mellom kommune og politi var godt etablert frå før. TryggEst fekk ein eigen kontaktperson i politiet.

Etter kvart vart fagressursgruppa etablert.

Korleis jobbar de med å gjere TryggEst kjent?

TryggEst har arrangert fagdagar både internt i dei ulike tenestene, og ein eigen TryggEst-konferanse som blir arrangert årleg.

Har de hatt kompetanseheving i teamet? Kva slags?

TryggEst har, saman med RVTS, sertifisert om lag 20 tilsette i risikoverktøyet RITE. På bakgrunn av dette er det etablert ei arbeidsgruppe som møtest ein gong per månad – både for kompetanseheving og støtte på tvers av avdelingane.

Forankring i kommuneleiinga

TryggEst er forankra på byrådsnivå. Samarbeidsavtalen mellom kommune og politi er underskriven av kommunalsjef for psykisk helse, arbeid og inkludering og begge geografiske driftsenheter (GDE-ar) hos politiet.

Har de oppretta TryggEst-telefon? Korleis fungerer det?

Vi har oppretta TryggEst-telefon som er bemanna på dagtid. Vi har om lag 5–10 innkomne saker på den i veka.

Korleis samarbeider de i TryggEst-teamet?

TryggEst-koordinatorane byter på å ha «vakt» på TryggEst-telefonen. Vi fordeler saker ut frå kapasitet. Arbeidsgruppa handterer sjølv nokre saker, mens TryggEst-koordinatorane handterer dei mest komplekse sakene. Saker kan òg meldast inn via arbeidsgruppa.

Det er frå før etablert eit høgrisikoteam. Dette teamet handterer saker som kjem inn frå politiet der det er høg risiko for alvorleg vald/drap – dette gjeld berre i nær relasjon. I dette teamet er politi, barnehus, krisesenter, St. Olavs hospital – avdeling for sikkerhet, fengsels- og rettspsykiatri i tillegg til Trondheim kommune v/TryggEst.

Når det gjeld dokumentasjon, har TryggEst eit skjerma nivå i Helseplattformen. Dette nivået skal vere skjult for andre og personen sjølv.